Viken-kandidatane Erik Kaupang (Ap), Iselin Haugo (H) og Eli Hovd Prestegården (Sp) går inn i ny styringsform som Viken-politikarar.
Viken-kandidatane Erik Kaupang (Ap), Iselin Haugo (H) og Eli Hovd Prestegården (Sp) går inn i ny styringsform som Viken-politikarar.

Slik skal Viken styrast som Stortinget

Viken-regionen blir styrt etter parlamentaristisk modell, det same som Stortinget. Fylkesrådet kan bli kasta dersom det blir reist mistillitsforslag i fylkestinget.

Det har gått 135 år sidan parlamentarismen vart innført i Norge. Men det er berre Stortinget, Oslo og Bergen som blir styrt parlamentarisk.

Alle andre kommunar og fylkeskommunar nyttar formannskapsmodellen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesrådet blir «regjering»

Fellesnemnda for Viken har vedtatt at den nye Viken-regionen skal styrast etter parlamentarisk modell.

Den som blir valt som fylkesordførar etter sonderingar og forhandlingar etter valet, gir eit «regjeringsoppdrag» til den som blir fylkesrådsleiar.

Fylkesrådsleiaren set så saman eit fylkesråd etter same prinsipp som statsministeren dannar regjering. Fylkesrådet i Viken skal ha sju medlemmer.

Eit døme med utgangspunkt i dei to største partia i Viken, Høgre og Arbeidarpartiet, som er «favorittar» til å bli største partia:

Anette Marie Solli (toppkandidat for H) eller Tonje Brenna (toppkandidat for Ap) får i oppdrag å opprette fylkesråd etter same prinsipp som statsministeren dannar regjering.

Ordførarkandidatar for dei to partia er Tore Opdal Hansen (H) og Roger Ryberg (Ap). Fylkesordføraren får same funksjon som stortingspresidenten.

87 representantar – 18 lister

Dei sju medlemmene i fylkesrådet skal leie kvart sitt fagområde, etter same prinsipp som statsrådar i regjeringa styrer kvart sitt departement.

Fylkesrådet står ansvarleg overfor fylkestinget, på same vis som regjeringa står ansvarleg overfor Stortinget. Fylkestinget kan fremje forslag om mistillit og «kaste» fylkesrådet i valperioden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesrådsleiaren står fritt i å skifte ut enkeltmedlemmer, akkurat som statsministeren kan skifte ut statsrådar.

Viken fylkesting blir sett saman av 87 folkevalde representantar som står på 18 vallister. Alle representantane blir fordelt i komitear.

– Meir folkevalt styring

På nettsidene til fellesnemnda i Viken blir det opplyst at parlamentarisme vil gi meir folkevald styring. Det blir tydelegare kven som har det politiske ansvaret og gir større moglegheit for politikarane til å påverke og setja ting på dagsorden.

Fylkesrådet skal leie administrasjonen i fylkeskommunen og leggje fram saker til folkevalde organ.

Fellesnemnda har vedtatt følgjande:

* Fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren, medlemmene i fylkesrådet og gruppeleiarane for alle partia i fylkestinget skal ha 100 prosent stilling.

* Det blir oppretta seks komitéar i fylkestinget med 13 medlemmer i kvart utval.

* Kontrollutvalet skal ha sju medlemmer som blir valt av fylkestingets faste medlemmer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkestinget i Viken konstituerer seg 17. oktober og erstattar fylkestinga i Buskerud, Akershus og Østfold frå 1. januar 2020.