Nettkameraet til Statens vegvesen syner korleis det ser ut på Rv7 ved Skulevika på Hardangervidda torsdag føremiddag.

Slik ser det ut i høgda: – Ikkje reis til fjells på sommardekk

Vinteren har fått fotfeste på fjellovergangane.

– Bruk vinterdekk! Det er den klare meldinga frå meteorologane. Det er vanskelege køyreforhold på fjellovergangane. Det er venta periodar med snø fram til fredag morgon.

Snøgrensa ligg ifølgje yr.no på mellom 1000-1400 meter, men i Hallingdal ser me at snøgrensa er langt lågare enn det torsdag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nettkameraet til Statens vegvesen syner korleis det ser ut på Rv52 ved Bjøberg på Hemsedalsfjellet torsdag føremiddag.

Torsdag morgon velta eit vogntog på Rv7 ved Haugastøl i Hol. Utover føremiddagen snør det framleis i området, og det er vanskelege køyreforhold.

På Dyranut, det høgste punktet på Rv7 over Hardangervidda, er vegen kvit. Det er plussgrader utover dagen, men i kveldinga vil temperaturen ligge frysepunktet att.

Det er ikkje tidspunkt å satse på å køyre fjellovergangane dersom ein ikkje er skikkeleg skodd.

Les også
Sa ja til omstridd felt med 36 hyttetomter: – Hadde eg stemt med hjartet, hadde eg stemt mot
Les også
Barndomskameratane flytta til Oslo for å ha det gøy og leva eit spennande liv - men idyllen fekk ein brå slutt