Slik såg fotballbanen nedanfor Gol vgs ut laurdag ettermiddag.

Slik såg fotballbanen ut laurdag - russen beklagar og møttest for å rydde

Det gjekk hardt for seg på kunstgrasbanen ved Gol vgs i helga. Laurdag ettermiddag var russen si ryddegruppe i sving.

Laurdag fekk Hallingdølen tips om at fotballbanen ved Gol vidaregåande skule, også kjent som «Gamle Grus» har fått hard medfart i helga. På kunstgraset låg det raude koppar, ølboksar, knuste glasflasker og brukt snus.

Les også
Tek imot bergensrussen til tre dagars fest: – Viktig at dei har ein stad å vere

Då Hallingdølen ringde russepresident Ida Marie Nerheim ved 15.30-tida kunne ho fortelje at ei ryddegruppe alt var på veg til «åstaden».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skjønar at folk reagerer. Det ser jo ikkje heilt bra ut, seier ho.

Spor etter russerebusen på fotballbanen «Gamle Grus»

Knust glas

Då Hallingdølen besøkte fotballbanen tidlegare på dagen var det fleire barn og unge som leikte i området. Nokre av dei samla russekort frå bakken og prøvde å rette ut att smadra ølboksar for pant. Fleire stader låg det store bitar med knust glas. Dette beklagar Nerheim:

– Me forstår at det særleg er dumt med knust glas, og at dette kan vere vanskeleg å få bort. Difor har russen eigentleg forbod mot glas i nærleiken av banen, seier ho. Russepresidenten seier dei er førebudd på å ta konsekvensane viss banen må ryddast med anna type utstyr.

Knuste flasker er ikkje bra for kunstgraset. Russepresidenten fortel at dei eigentleg har forbod mot glas i nærleiken av banen.

Banen er rydda

Fredag var det duka for det årlege «rebusløpet» til russen, og difor vart banen tatt i bruk. Det var mange ungdommar ute denne kvelden, både russ og andre. Det er ikkje lagt opp til fleire arrangement på dette området, seier Ida Marie Nerheim.

– Det skal sjølvsagt ikkje gjenta seg. Me ønsker ikkje å lage dårleg stemning, seier ho.

Les også
FULL RULLE - me vart med Amigos-jentene på bussrulling

Hallingdølen tok turen ned att laurdag ettermiddag for å besøke ryddegruppa. Dei var ved godt mot. Klokka 16.10 var det nesten ingen spor å sjå etter fredagens fest. Søpla var rydda vekk og dei hadde etter beste evne prøvd å sope opp glasbitane frå banen. Dei beklaga seg på nytt og innrømte litt sjenert at det kanskje burde vore rydda nokre timar tidlegare på dagen.

Hallingdølen har vore i kontakt med Gol IL, som seier dei set stor pris på at russen har tatt ansvar og rydda opp etter seg.

Fotballbanen var rydda ein dryg time etter at Hallingdølen tok bilete av søpla. Anton Glushchenko og Ida Marie Nerheim var blant dei som la ned ein innsats.
Det blir gjerne litt opprydding «dagen derpå».