Nesbyen Bakeri AS, eller Bearhouse Nesbyen - her representert ved Thea Caroline Martens, er av dei som tok imot næringsstøtte frå Nesbyen kommune i 2023. Foto: Privat

Slik fordelte kommunen midlane frå næringsfondet

Saka kjem torsdag opp i kommunestyret i Nesbyen.

Kommunedirektøren foreslår at Nesbyen kommunestyre tek lista til orientering:

* Løypetilskot: 250.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Forum nye Bergensbanen (Vestland fylkeskommune): 42.070 kroner.

* Bu- og blilyst-prosjektet i regi av Nesbyen Turist- og Næringsservice: 400.000 kroner.

* Gardnos (Nesbyen kommune): 69.414 kroner.

* Hallingdal Etablerersenter (Gol kommune) 169.750 kroner.

* Gøtt Pøbb: 5200 kroner.

* Reine Element: AS 625.000 kroner.

* Sport 1 Nesbyen: 130.000 kroner.

* Rustand Maskinservice v/Endre Rustand: 300.000 (avsett som løyving, men ikkje utbetalt).

Artikkelen held fram under annonsen.

* Nes Bakeri AS: 300 000 kroner.

Reine Element fekk støtte frå det kommunale næringsfondet i 2023. Frå venstre: Sebastian Klype Solbakken, Bagoudin Tsitskiev, Bjørn Erik Fossen, Martin Andre Selmer og Ole Wee. Foto: Arkiv
Sport 1 Nesbyen opna hausten 2023, mellom anna etter å ha fått støtte frå det kommunale næringsfondet.

Meir inn enn normalt

Av sakspapira kjem det fram at Nesbyen kommune bruker inntektene frå konsesjonsavgift til å gi næringstilskot. Dette skjer i høve til dei retningslinene som ligg til grunn for bruka av næringsfonda. Kommunen får normalt inn rundt 2,5 millionar kroner i konsesjonsavgifter.

I desember fekk Nesbyen inn 3,015 millionar kroner i konsesjonsavgifter. I tillegg kom tilbakebetaling av lån som var gitt frå næringsfondet på litt over 253.000 kroner.

Les også
Lokale gründerar kan få plass i ny TV-serie: – God profilering av Hallingdal
Les også
Utgiftene skyt i vêret: – Dette er såpass på beinet at det ikkje er rom for noko ekstra
Les også
Han blir ny leiar for Hallingdal Etablerersenter: – Eg vil vidareføre det gode arbeidet

Snunad

Kommunedirektøren opplyser at talet på søknader til næringsfondet har gått ned dei siste åra. Dette er i samsvar med erfaringar frå for eksempel Hallingdal Etablerersenter (HE). Der har det vore ein nedgang i aktiviteten under og etter koronapandemien. Men etablerarsenteret melder også at trenden snudde i fjor haust, og at folk frå Nesbyen er dei som er mest ivrige til å bruke tenester frå senteret.