Meteorologane melder kaldt og fint påskevêr. Her frå topptur til Slettind på Hemsedalsfjellet.
Meteorologane melder kaldt og fint påskevêr. Her frå topptur til Slettind på Hemsedalsfjellet.

Slik blir påskevêret

Etter ein litt rufsete start melder meteorologane kaldt og fint påskevêr.

– Påska sett under eitt ser veldig bra ut for Hallingdal og Nore og Uvdal, fortel vakthavande Hanne Beate Skattør.

Helga startar med ruskevêr på fjellet, og det er send ut obs-varsel om vanskelege køyreforhold på fjellovergangane. Den kraftige vinden vil roe seg utover laurdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag forventast eit skydekke som vil lette litt til palmesundag.

– Då er det god sjanse for sol, seier Skattør.

Natt til måndag er det venta litt nedbør i form av snø. Frå tysdag vert det kaldare vêr, og gradestokken kan krype ned mot 20 minusgradar på fjellet nattetid. På dagtid vil temperaturen ligge rundt 10 minusgradar.

– Det kalde vêret vil også føre til sol frå skyfri himmel, forsikrar meteorologen.