Hans-Jørgen Hedels fyrer laus – igjen.
Hans-Jørgen Hedels fyrer laus – igjen.

Slår mot politikarane

Ein Facebook-kommentar om politisk ukultur i Nes kan få eit etterspel.

Reaksjonane over innlegget til Tønsberg-arkitekten og hyttenesningen Hans-Jørgen Hedels har skapt reaksjonar. Ikkje berre på Facebook. Men også i Nes kommunestyre.

Aps Knut Jacob Larsen tok innlegget opp i kommunestyret torsdag. Han foreslo at det vart gjenstand for ei juridisk vurdering av kommuneadvokaten. Etter debatt og gruppemøte vart konklusjonen at utsegna skal vurderast av rådmannen før det blir teke opp i formannskapet om kommunen skal reagere juridisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterke uttrykk

I Facebook-innlegget raljerer Hedels over vedtak som det politiske fleirtalet med Ap og Høgre har gjort, og som han meiner har kosta kommunen 3,2 millionar. Han kallar det «lokal-korrupsjon», og skriv «at dei brukar kommunekassa som si eiga lommebok».

- Eg meiner ikkje at politikarane er korrupte i den forstand at dei brukar kommunekassa til å handle mjølk og brød. Men dei styrer politikken til si eiga vinning, seier Hedels til Hallingdølen.

Til det seier ordførar Tor Magnussen:

Aps Knut Jacob Larsen bad i kommunestyret om ei jurdisk vurdering av Facebook-utsegna.
Aps Knut Jacob Larsen bad i kommunestyret om ei jurdisk vurdering av Facebook-utsegna.

– Eg har vore ute i arbeidslivet i snart 65 år. Eg har gjennom desse åra møtt folk som har uttalt seg om noko dei ikkje har greie på. Denne utsegna er representativ for denne typen menneske.

– Må tole

Knut Jacob Larsen ønskte ei juridisk vurdering av det Hedels har skreve på Facebook. Men det var det ikkje semje om. Eit mindretal på fem stemte mot at dette vart teke opp i kommunestyret. Ein av dei var Gerd Eli Berge (Sp).

- Dette er ikkje noko kommunestyret skal uttale seg om. Politikarar må også tole ein del. Eg trur heller ikkje at kommunen vaskar seg rein i trykksverte, sa ho.

– Eg står ved det eg har skreve. Bakgrunnen er at eg meiner det er for tette band mellom dei som styrer kommunen politisk og næringsaktørar. Det er denne blandinga eg har kalla «lokal-korrupsjon», seier Hedels.

– Tette band

Han har tidlegare i år både i eit lesarinnlegg og intervju i Hallingdølen, uttalt at det er for tette band mellom næringsaktørar og politikarar i Hallingdal. Agendaen er den same denne gongen, men no går han direkte på Nes kommune der han meiner banda er spesielt tette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fryktar du ein reaksjon frå Nes kommune?

– Nei. Eg har teke dette opp seriøst, og er nøgd med reaksjonen. Men eg har fått kritikk for biletbruken. Det er eg samd i. Det var ikkje mi hensikt å setje fokus på ordføraren som person, men som representant for det sitjande fleirtalet. Det var dumt gjort av meg.

– Ikkje for å lage bråk

– Angrar du på at det du skreve?

– Nei. Dette er ein nødvendig diskusjon. Eg trur det er bra for heile dalen at denne rolleblandinga blir teken opp. Nokre eigedoms- og næringsinteresser styrer for mykje. I alle kommunar bør det bli ein breiare politisk representasjon.

– Botnar kritikken i at du er usamd med det politiske fleirtalet om utviklinga i Nesbyen?

– Sjølvsagt. Det dreier seg om kulturvern, jordvern, sentrumsutvikling og trafikktilknytinga til Rv7. Kommunedelplanen for Nesbyen som no er ute på høyring er det mest konkrete no, og eg er usamd med fleirtalspartia. Eg står inne for det eg har skreve. Eg gjer det ikkje for å lage bråk. Men eg vil setje fingeren på noko som er viktig for Nes, seier Hans-Jørgen Hedels.