Eg trur ikkje dagens aktivitetsnivå vil vare i veldig lang tid framover, ut ifrå fleire faktorar me ser rundt oss, seier Knut Oscar Fleten
Eg trur ikkje dagens aktivitetsnivå vil vare i veldig lang tid framover, ut ifrå fleire faktorar me ser rundt oss, seier Knut Oscar Fleten

Slår grøn alarm - næringslivet må tore å investere

Det går fantastisk bra for næringane i Hallingdal. Samstundes er det no me må ta oss tid til å tenke omstilling og nye moglegheiter, seier Knut Oscar Fleten.

Det kan sjå ut til at det står bra til med det lokale næringslivet. Salsrekordane tikkar inn. Talet på besøkande når stadig nye høgder, med turistar både innanlands- og utanlands frå. Folk som bygger og sel fritidseigedom gnir seg i hendene. Rett nok blir det peikt på at Hallingdal manglar arbeidskraft. Men samstundes er arbeidsløysa rekordlåg – noko som i seg sjølv er bra. Rekordar og høg aktivitet fører sjølvsagt til travle tider for næringslivet. Og det er vel ikkje akkurat når ein har det som travlast, at ein automatisk tenker på å gjera «meir». Men det er absolutt det ein bør, meiner Knut Oscar Fleten.

Som ung leiar er ein gjerne overivrig, og lysten på å få til ting.

Artikkelen held fram under annonsen.

HAN ER SJØLV ein travel kar, banksjefen i Sparebank 1 Hallingdal Valdres. Han har faktisk hatt det så travelt og ålreit dei siste 20 åra, at han datt halvvegs av stolen då han for litt sidan fekk ei gratulerer-med-20-årsansiennitet-kake. I eit kort sekund var han overtydd om at det hadde skjedd ein feil. Men nei, då. Fleten emigrerte sørover frå Tromsø til Hemsedal i 1998.

– Eg starta arbeidslivet i Aker Engineering. Ein frykteleg dynamisk bransje med full fart på levering og framdrift. Så hamna eg i Sparebanken Nord-Norge. Der var det berre om og gjera å vera på jobb mellom åtte og fire. Eg vart dritlei, og var eigentleg på veg ut av heile bransjen. Men så dukka banksjefjobben i Hemsedal opp.

Dåtidas banknæring var både konservativ og topptung. Dei fleste leiarane hadde mykje og lang erfaring. Men som 36-årig jypling vart altså Fleten landets yngste banksjef.

- Det er berre så utruleg synd at ein ikkje klarar å investere meir i jernbanestrukturen, slik at den blir meir tilgjengeleg og får fleire avgangar, seier Knut Oscar Fleten.
- Det er berre så utruleg synd at ein ikkje klarar å investere meir i jernbanestrukturen, slik at den blir meir tilgjengeleg og får fleire avgangar, seier Knut Oscar Fleten.
Som 36-årig jypling vart Fleten landets yngste banksjef. – Eg såg det som ein gyllen sjanse, og tenkte at eg kanskje kunne vera med på å få bransjen til å tenke nytt, seier han.
Som 36-årig jypling vart Fleten landets yngste banksjef. – Eg såg det som ein gyllen sjanse, og tenkte at eg kanskje kunne vera med på å få bransjen til å tenke nytt, seier han.

– Eg såg det som ein gyllen sjanse, og tenkte at eg kanskje kunne vera med på å få bransjen til å tenke nytt.

– Korleis vart du møtt?

– Som ung leiar er ein gjerne overivrig, og lysten på å få til ting. Og ein gjer feiltrinn – mykje fordi ein gjerne vil gå raskare fram enn det organisasjonen eigentleg er mogen for. Med tida har eg lært meg at den beste måten å få ein organisasjon til å skape endring på, er å sørge for at ein heile tida er i bevegelse. Men med små steg, slik at ein alltid har organisasjonen med seg.

– Du må ha trødd ein del rett òg, ettersom du no sit der du sit?

– Ja ... Men eg gjorde ei dristig øving då eg etter fem-seks månader i sjefsstolen foreslo for styret at me skulle slå oss saman med Ål Sparebank. Det var ein slik vinn eller forsvinn-seanse. Heldigvis vann me. Og eg fekk halde fram. Eg kunne jo gått hovudstups ut og gjort kort karriere i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg trur me på mange måtar er på aktivitetstoppen no.

SLIK VART DET som kjent ikkje. Og etter 20 år som banksjef har Fleten også inngåande kjennskap til det lokale næringslivet. Difor har Hallingdølen no bede han om å dele det han ser i glaskula. Det er i hovudsak tre store næringar som pregar Hallingdal som region – landbruk, turisme og eigedom. Og no er regionen inne i ei «fantastisk tid knytt til aktivitet», meiner banksjefen.

– At stadig fleire ynskjer å bruke fritida i Hallingdal gjev nye moglegheiter for både handverksbedrifter og dei som jobbar med tilrettelagt turisme.

Jordbruk og skogbruk heldt seg derimot meir stabilt. Og er samstundes meir utfordra enn andre næringar, meiner Fleten.

– Eg trur me på mange måtar er på aktivitetstoppen no. Spørsmålet er kor lenge det vil vare? Eg trur ikkje dagens aktivitetsnivå vil vare i veldig lang tid framover, ut ifrå fleire faktorar me ser rundt oss, seier han.

– Fortset!

– Me har det godt for tida. Men det er no me bør ta oss tid til å tenkje omstilling eller endring. No er tida inne for å justere kursen i forhold til det me måtte sjå kome fram i tid. Det er når ein har det som travlast at det er lettast å få organisasjonen med på å endre seg. Det er også då ein har økonomi til det. Samstundes er det også då ein har knappast tid.

Det grøne skiftet er ein megatrend.

Artikkelen held fram under annonsen.

MILJØ OG TEKNOLOGI. Knut Oscar Fleten trekkjer fram begge faktorar som viktige knytt til framtida for næringslivet i Hallingdal. Men særleg miljø. Han er ekstremt klar på at Hallingdal, og både offentleg og privat næringsliv, må tenkjer grønare.

– Det grøne skiftet er ein megatrend. Og det er spennande. Samstundes er det utruleg mykje risiko knytt til det. Og fantastisk mange moglegheiter, seier han.

Fleten pensar over på grøn risikoanalyse og aukande CO₂-avgift. Han trur den foreslåtte avgiftsauken i statsbudsjettet berre er ein forsmak på det som kjem. Og at me her i Norge pratar litt for mykje om miljøministrar og Miljøpartiet De Grønne, og litt for lite om EU. Me gløymer at Norge er ein liten open økonomi, og at me dermed må tilpasse oss mykje av det som skjer i EU.

– Og kva har skjedd der? Jo, dei har sett saman eit heilt nytt parlament som er mykje grønare enn nokon gong. Og det har kome inn ein grøn minister. Dette kjem til å sette mykje premissar for kva politikarane må gjera her heime. Me kan få heilt andre rammevilkår for reise, til dømes. Me kan få større avgrensingar knytt til CO₂. Og større krav knytt til bedrifter og leverandørar, og det å avlegge miljørekneskap. Dette kan slå rett inn på mykje av næringsverksemda her i Norge. Det at me kan få heilt andre parameter å halde oss til, er ein kjemperisiko.

– Du meiner altså at me må tenke grønare?

– Ein må i alle fall tenkje «korleis ser eg for meg mi eigen bedrift viss rammene endrar seg». Me veit også at kommunane kjem til å jobbe mykje meir med energi- og miljøplanar. Dei kjem til å sette eigne krav. Det er vanskeleg å seie «eksakt slik blir det», men eit eller anna kjem det til å bli. Og det vil bli tøffare å innfri krava. Miljø er ein kjempeviktig faktor for Hallingdal, som er avhengig av turisme. Eit av dei områda som påverkar miljøet mest er jo nettopp transport.

Eg trur dei som utviklar fritidseigedom må tørre å tenke grønt.

FLETEN VISER TIL bensinstasjonskjeda Circle K som eit konkret eksempel. Ein skulle kanskje tru at ein bensinstasjonskjede berre ville vera opptatt av å verne om siste rest av bilar på fossilt brennstoff. Men nei, då. Den seinaste tida har kjeda vist at det er mogleg å tenke to tankar samstundes. Medan dei framleis server bensin- og dieselbilar, er dei også på pletten for elbil-eigarar med ladepunkt og ombygde stasjonar med kafé-tilbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette gjer dei sjølv om det framleis er full fart på drivstoff. Men dei veit at om nokre år vil inntektsgrunnlaget vera borte viss dei berre tenker fossilt. Dette er eigentleg eit skuleeksempel på ei bedrift som tek seg tid til å tenkje nytt sjølv i travle tider.

Han meiner Hallingdal, som i stor grad er bygd på turisme og transport, burde tenkje på same måte. Både når det gjeld transport til og frå, og innanfor Hallingdal.

– Korleis skapar me ein attraktiv stoppeplass? Me veit jo at elbil-eigarane må stoppe og lade på reisa oppover Hallingdal.

Det grøne skiftet vil tvinge seg på for alle bransjar. Også byggjebransjen.

– Eg trur dei som utviklar fritidseigedom må tørre å tenke grønt.

Her dett Fleten også innom sin eigen bransje, nemleg finansiering. I 2016 var Sparebank 1 Hallingdal Valdres fyrst ute med å tilby såkalla grøne lån til sine kundar. Sidan har resten av bank-Norge følgd etter. Og ettersom grøne lån gjerne er rimelegare enn vanlege lån, blir det fort eit attraktivt produkt. Såleis burde dei som utviklar eigedom tenke på korleis dei kan tilretteleggje sine produkt, slik at kundane blir kvalifiserte for grøne lån.

– Kundane kjem til å seie at dei har høyrt om grøne lån hjå Sparebank 1 eller ein annan bank, og at dei vil bygge slik at dei kan få eit slikt lån. Viss utbyggjaren då ikkje veit korleis dei skal gjera det, så mistar ein fort moglegheiter. Næringslivet må tore å investere i å utforske nye produktområde. Marknaden beveger seg ikkje nødvendigvis superfort. Men plutseleg er ein der, og då dett potten ut av den tradisjonelle marknaden. Og viss ein då ikkje har endra seg, så står ein der med ... ja, no skal eg ikkje bruke nordnorske kraftuttrykk.

– Jo, køyr på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, eg skal ikkje det, flirer Fleten. – Altså ... det kan fort bli kroken på døra, legg han diplomatisk til.

Jernbanen er ein stor styrke for Hallingdal.

STYRKER OG SVAKHEITER. Hallingdal har fleire av båe. Fleten tek helst fet positive fyrst. Om Hallingdal er aldri så avhengig av transport, så er det i alle fall ein relativt kompakt region. Har ein fyrst kome seg hit, sit ein i eit smørauge av aktivitetar.

– Å berre gjera det meir miljøvennleg innanfor tettstadene kan hjelpe mykje. Tenk heisar eller gondolar som kan frakte folk. Eller elektriske bussar, om så vera. Gjer i alle fall destinasjonen så grøn som mogleg. Skiløypene er lett tilgjengelege, men med eit lite men. Nemleg tråkkemaskinene som tråkkar dei. Men no er faktisk den fyrste prototypen på ei elektrisk tråkkemaskin laga.

Å få grønare transportmidlar innanfor regionen er ikkje den største utfordringa, meiner Fleten. Transporten til og frå Hallingdal er derimot eit anna kapittel.

– Jernbanen er ein stor styrke for Hallingdal. Det er berre så utruleg synd at ein ikkje klarar å investere meir i jernbanestrukturen, slik at den blir meir tilgjengeleg og får fleire avgangar.

Det nyttar altså ikkje å stikke hovudet i sanden, meiner Fleten. Framtida og det grøne skiftet kjem uansett. Og det er altså no, når me har det som best, at me må tenkje nytt.

– Og alt det me trur kjem, kjem jo ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men ein må vel ruste seg lell?

– Ja.

Alder: 56 år

Yrke: Administrerande direktør i Sparebanken 1 Hallingdal Valdres

Aktuell fordi: Han er leiar for den største finansbedrifta i Hallingdal.