– Ulykka var heldigvis ikkje så alvorleg som me fyrst trudde, seier innsatsleiar og politibetjent ved Hol lensmannskontor, Svein Olav Havikhagen. (Arkivfoto)
– Ulykka var heldigvis ikkje så alvorleg som me fyrst trudde, seier innsatsleiar og politibetjent ved Hol lensmannskontor, Svein Olav Havikhagen. (Arkivfoto)

Skuterulykke i Raggsteindalen

Ein mann i 50-åra slapp unna med lettare skader då han med snøskuter køyrde inn i ein vegbom ved Røde Kors-hytta på vegen til Raggsteindalen.

Skuterulykka skjedde litt etter klokka 10 onsdag.

Politi, brannmannskap og luftambulansen vart varsla og rykte ut til ulykkesstaden. Den skadde vart frakta til Fv50 der han fekk medisinsk behandling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ulykka var heldigvis ikkje så alvorleg som me fyrst trudde. Den skadde vart frakta til Ringerike sjukehus med bilambulanse for ein helsesjekk, seier innsatsleiar og politibetjent ved Hol lensmannskontor, Svein Olav Havikhagen.

Han opplyser at det var ein lokal mann i 50-åra som vart skadd då han køyrde inn i vegbommen. Vedkomande er godt kjent i området og var på veg ut frå Raggsteindalen etter eit arbeidsoppdrag då ulykka skjedde.

Det var kaldt og fint vêr i området då ulykka skjedde.