I Hemsedal har det blitt testa mellom 80 og 100 personar i veka dei siste vekene. Dette biletet er frå koronatesting i Ål.

Skulen vart sett i karantene etter koronasmitte - no er dei ute att

Dei fire klassane ved Ulsåk skule i Hemsedal vart sett i karantene etter at ein person vart bekrefta smitta i kommunen måndag. Men alt seinare same kveld fekk dei att prøvesvar som gjorde at alle kunne møte på skulen att som vanleg.

– Ein nærkontakt til den smitta har også fått symptom. Det er eit barn som går på skulen, sa kommuneoverlege Camilla Underland til Hallingdølen ved 20.30-tida måndag.

Derfor vart eit klassetrinn på Ulsåk sett i ordinær karantene. Dei andre tre trinna ved skulen var i såkalla «ventekarantene». Det betyr at dei måtte halde seg i ro til situasjonen var avklart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare same kveld kom det kontrabeskjed frå sporingsgruppa i Hemsedal - dei som hadde blitt testa tidlegare på kvelden hadde alt fått att svar på prøvene. Dei var negative.

Kommunen kjente seg med det trygg på at det ikkje var smitte ved skulen, og elevane fekk kome ut att frå karantene.

Les også
Kravet om munnbind er oppheva i to kommunar - dei andre held fram

Det er så langt ingen kjent smitteveg for personen som har testa positivt. Men kommuneoverlegen trur ikkje dette er eit teikn på at det er såkalla «villsmitte» laus i Hemsedal.

– Me har testa mellom 80 og 100 personar i veka dei siste vekene, så om det hadde vore villsmitte hadde me truleg plukka det opp, seier ho.

Det er høg testaktivitet i Hemsedal om dagen. Årsaka til det er at det er mange som er forkjøla i bygda. I samband med dette har Underland ei klar oppmoding:

Tidlegare har retningslinene for luftvegsymptom på barn vore at foreldra skal vente litt, og sjå korleis det utviklar seg. Dette har FHI snudd på.

– Det er smitte blant barn i Norge no, derfor har FHI kome med nye anbefalingar. Barn skal testast med ein gong dei får symptom. Foreldre skal ikkje vente og sjå, seier Underland.

Koronaprøva for barn er ikkje noko å grue seg for:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me brukar ein snill metode. Det blir ikkje tatt djup naseprøve, men ein halsprøve og ei fremre naseprøve, fortel Underland.