Biletet viser eit sjølvutløyst snøskred vest i Reineskarvet, frå januar 2023. (Arkivfoto)

Skredfare: – Få gode opplevingar i fjellet utan å utsetje deg sjølv eller andre for fare

– Det vil bli danna ferske, ustabile nysnøflak. Det finst svake lag i snødekket som potensielt kan gi store skred.

Det skriv nettstaden varsom.no om snøskredfaren i Hallingdal. Fredag, ved starten av vinterferien, melde dei om faregrad 2, altså moderat fare for snøskred. Laurdag føremiddag hadde det gått skred både i Hemsedal og på Geilo, heldigvis utan at nokon vart tatt av snømassane.

Vurderinga er at vind og snø vil byggje ustabile flak. Vinden varierer, og det kan byggje seg opp flak i mange himmelretningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skreda kan bli store, åtvarar varsom.no.

Vind byggjer skred

Skredekspert Jørgen Aamot melder om fantastiske snøforhold i fjellet. Fredag var han i høgfjellet i Hemsedal. Der kunne han rapporterer om laussnø som gjer at han søkk nedi.

– Det har kome borti ein halvmeter nysnø, eit fantastisk føre for dei som likar nysnø. Det er vinden som skaper skredfarleg snø. Fram til no har det vore lite vind, men det skal ta seg opp. Vinden blir kalla «skredets byggmeister». Dette er det viktig at folk er merksame på, seier Aamot.

– Viss du høyrer drønn i snøen, er det ein indikasjon. Då seier naturen ifrå om at no bør du halde deg i slakt terreng, seier Jørgen Aamot. (Arkivfoto)

Drønn i snøen

Det er særleg to forhold som skaper utfordringar. Når vinden tek seg opp, vil snøen flytte seg. Og der snøen blir flytta til, altså i leområda, vil det samle seg rikeleg med snø, og område med flakdanning.

Den andre utfordringa er at det kan liggje svake snølag lenger nede i snøen. Viss det kjem tilleggsbelastning på toppen, ein skikøyrar, ein snøskuter, eller vekta av fokksnø som samlar seg, kan dette vere nok til at det svake snølaget kollapsar. Då kan skred losne av seg sjølv.

– Viss du høyrer drønn i snøen der du går, er det ein indikasjon på at det er svake lag som kollapsar. Då seier naturen ifrå om at no bør du halde deg i slakt terreng.

– Bruk bilbelte

Aamot ønskjer ikkje å skremme og han oppmodar folk til å kome seg ut og nyte den kvite rusen i fjellet.

– Det er lett å få gode opplevingar i fjellet utan å utsetje deg sjølv eller andre for fare. Du kan fint gå på tur, for det er masse terreng som er trygt utanfor skredterreng. Viss du vel terreng som er slakare enn 30 grader og ligg utanfor utløpsområdet til bratt terreng, kan du ferdast der uansett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men skal du på topptur har han ei klar oppfordring - ta med skredutstyr, altså skredsøkar, spade og søkestong.

– Dette er viktig utstyr for å drive med kameratredning. Det er «bilbelte» for skikøyrarar, noko du har på deg, men som du håpar du aldri får bruk for.