VY køyrer tog mellom Geilo og Oslo fredag, melder togselskapet. Arkivfoto.

Snøskred stenger Bergensbanen - framleis uvisst når banen kan opne att

Snøskredet over Bergensbanen, mellom Hallingskeid og Myrdal, skaper trøbbel for togtrafikken. Laurdag er det framleis uvisst når banen kan opne att.

Det har vore full stopp i togtrafikken på Bergensbanen sidan torsdag kveld. Eit tog som skulle vore i Bergen før midnatt vart ståande fast på Myrland heile natta.

– Som følgje av store mengder snø må reisande dessverre rekne med forseinkingar, melde Vy fredag føremiddag. Laurdag er banen framleis stengd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ventar på informasjon

Grunnen er eit snøskred mellom Hallingskeid og Myrdal. Det er eit stort oppryddingsarbeid som må gjerast, og det er førebels uvisst når banen kan opne att.

I siste oppdatering frå BaneNor står det det kjem ein ny prognose laurdag klokka 20.

Ved Klevavatnet

Snøskredet har gått ved Klevavatnet. Ingen tog vart tekne av skredet, men det er venta store forseinkingar.

På sine nettsider skriv Vy at dei ikkje veit når togtrafikken kan begynne å gå som normalt igjen. Vy viser til at BaneNor kjem med meir informasjon.

Vart henta ned

Ved 8-tida fredag morgon melde NRK at passasjerane som sat fast på Myrdal i natt ville bli henta ned frå fjellet med eit tog frå Flåm. Toget var planlagt å vera framme ved Myrdal klokka 08:45. Passasjerane skulle fraktast vidare frå Flåm til Bergen med buss.

Vy gjorde det også klart at passasjerane har krav på refusjon.

– Me refunderer halvparten av billettprisen. Viss dei har hatt utgifter som følgje av forseinkinga, er me behjelpeleg med å dekke det, sa kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby til NRK.