Forskar Jørn Våge ved Veterinærinstituttet  ser ingen samanheng mellom tilfellet i Nord-Sverige og skrantesjuka på rein i Nordfjella.
Forskar Jørn Våge ved Veterinærinstituttet ser ingen samanheng mellom tilfellet i Nord-Sverige og skrantesjuka på rein i Nordfjella.

Skrantesjuke: Oppdaga tilfelle på elg i Nord-Sverige

Den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke er oppdaga på elg i Nord-Sverige.

Veterinærinstituttet i Norge avdramatiserer funnet.

Det er ei 16 år gammal viltlevande elgku som er smitta. Skrantesjuke (CWD) er dødeleg på hjortedyr. Ved smittsam framferd vil sjukdommen kunne ha svært negative konsekvensar på hjort, elg, rådyr- og reinsdyrbestandar på lengre sikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er første gong at skrantesjuke blir påvist i Sverige, men funnet i Norbotten i Nord-Sverige er likevel ikkje uventa.

– Det har vore liknande tilfelle på fire eldre elgar i Norge og éin i Finland. Mykje taler for at det handlar om spontane forandringar og ikkje den smittsame varianten av sjukdommen, seier epidemiolog Maria Nöremark i ei pressemelding frå det svenske Jordbruksverket.

Prøvar frå elgen i Sverige skal no analyserast, og vil mellom anna bli sende til Veterinærinstituttet i Oslo for vidare analysar.

I Norge vart det i 2016 påvist ein variant av den klassiske og smittsame skrantesjuka på 19 villreinar i Nordfjella. Heile villreinstammen i området vart deretter teken ut.

Ifølgje forskar Jørn Våge ved Veterinærinstituttet er det ikkje noko som tyder på at tilfellet i Sverige har samanheng med funnet i Nordfjella.

– Frå funn hos norsk og finsk elg har me lite grunnlag for å tru at det som er avdekt hos den svenske elgen opptrer i ei smittsam form. Forståinga vår er at det er snakk om ei atypisk skrantesjuke som kan opptre sporadisk. Tilsvarande sporadisk prionsjukdom blir sett hos ulike dyr som storfe, småfe og menneske. Det er derfor ingen stor dramatikk rundt funnet, seier Våge til NTB. (©NPK)