Det blir spennande å følgje Christoffer Fagerli Rukke denne sesongen. Kan han kome attende til gamalt nivå?
Det blir spennande å følgje Christoffer Fagerli Rukke denne sesongen. Kan han kome attende til gamalt nivå?

Skøyteløparane sesongopna

Skøyteløparane sesongdebuterte denne helga under det fyrste Norgescupstemnet i Vikingskipet.

Hallingane var representert med kjende namn frå Hol og Gol.

Og det er knytt spenning til kva Christoffer Fagerli Rukke og veslebror Henrik kan klare i år. Og kva med Hege Bøkko. Vil ho ta eit steg attende mot gamalt nivå?

Artikkelen held fram under annonsen.

God opning

Sesongstarten gir sjeldan dei beste svara.

Me trur likevel Christoffer Fagerli Rukke er fornøgd med sesongstarten. Han gjekk 500m og 1000m i helga. På den fyrste 500 meteren vann han med tida 36,29 fore Simen Kroken (36,75) og veslebror Henrik som fekk 37,32. Henrik var med det raskaste juniorløpar. På 500 meter nummer to for dagen var Norges beste sprintar i fjor, Espen Hvammen, raskast med 35,64. Håvard Lorentzen fekk 36,04 medan Chris senka tida frå fyrste løp til 36,20.

På 1000 meter vann Lorentzen med 1,11,08 føre Sverre Lunde Pedersen (1,11,16) og Chris som fekk 1,11,27.

Andreplassar

For Hege Bøkko vart det ein serie med andreplassar denne helga bak Ida Njåtun.

500 meter: Njåtun 40,21. Bøkko 40,49. 1000 meter: Njåtun 1,17,79. Bøkko 1,19,63. 1500 meter: Njåtun 1,59,36. Bøkko 2,03,49. Gol hadde også ein representant med 1000 meter. Nille Norhaug Faleide gjekk på 1,25,5 (manuell tidtaking).

På 3000 meter gjekk Henrik Fagerli Rukke på 4,05,62. Her vann Tormod Haugen på 3,56,23.