Simen Øen Strand frå Nesbyen har ein spennande arbeidsplass.

Skogsmatrosen som vart polfarar

Simen Øen Strand frå Nesbyen er oppvaksen langt frå sjøen. Likevel har han alltid visst at det er på havet han skal ha sin arbeidsplass.

I haust har han vore på Nordpolen og segla den transpolare sjøruta.

– Eg skjønte ganske tidleg at eg ville bli sjømann. Frå eg var liten har eg vore mykje hos bestemor på Vestlandet. Der fekk eg sjå store båtar segle forbi, og det vekte lysten i meg til å reise på havet, seier Strand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Navigatør i Kystvakta

Til vanleg jobbar han som navigatør på KV Bergen. I tillegg har han oppgåver som fiskeriinspektør og skipsdykkar. Senior kvartermeister Strand starta karrieren som matroslærling på KV Svalbard. Etter læretida segla han litt sivilt, før han enda opp med å ta styrmannsskulen.

Han har alltid hatt ein utferdstrong og ville søke seg utanriks. Men då det var vanskeleg å få jobb utanriks som nordmann, valde han å søke seg tilbake til Forsvaret og kystvakta.

– Eg har ikkje angra på det sidan. I kystvakta er det veldig mykje variasjon i jobben. Eg har fått vore med på spennande dykkeoppdrag som skipsdykkar, fiskeriinspeksjonar og veldig varierande fartsområde, fortel Strand.

Losar skuta gjennom isen

De siste månadene har Strand vore med som navigatør om bord på KV Svalbard. Her har oppgåva hans vore å finne den lettaste vegen gjennom isen og til Beauforthavet. I oktober sette Strand og resten av besetninga kurs mot Alaska, for å ta opp tre forskingsriggar skjult omtrent 4000 meter under isen.

Simen Øen Strand frå Nesbyen har ein jobb som er ganske ulik dei fleste andre. Når han er ute på oppdrag kan det bli lange og intense dagar.

Kystvakta hjelper Nansensenteret og Scripps Institution of Oceanography med å ta opp riggane, der formålet med prosjektet, CAATEX (Coordinated Arctic Acoustic Thermometry Experiment), er å måle endringane i temperaturen under pol-isen.

– At Kystvakta skal bidra til forsking er ein del av Kystvaktloven. Men det gir oss og moglegheit til å gjere noko som skil seg frå vår vanlege kvardag. Derfor synest eg det har vore veldig gøy å vere om bord på KV Svalbard. Forsking gir oss moglegheita til å reise på tokt der få andre styrmenn i Norge og verda får, seier Strand.

Første halling på Nordpolen

Å navigere gjennom tjukk is er ikkje nytt for hallingen. I fjor var han og med KV Svalbard som navigatør. Den gongen navigerte dei seg så langt nord som i det heile er mogleg å kome, og vart første norske fartøy på Nordpolen.

– Å få vere med i planlegginga og is-navigeringa for å finne vegen opp til Nordpolen, er nok så langt i karrieren eit høgdepunkt. Det blir vanskeleg å toppe det. Å reise til Nordpolen og samtidig bli første norske fartøy, er vel alle navigatørars draum, seier Strand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesbyen er ikkje kjent for å fostre opp mange sjøfolk, fortel han:

– Det er meg, bror min og ein kompis. Men eg vil tørre påstå at eg har vore verdas første halling på Nordpolen.

Ringde under planlegging av dåp

Variasjonen i stillinga er noko som gjer at hallingen stortrivst i kystvakta. Men jobben krev og at du er klar når du minst ventar det, fortel Strand:

– Nyttårsaftan for snart to år sidan vart me ringt opp. Då skulle eg akkurat til å arrangere barnedåp, så tidspunktet var ikkje det beste. Då fekk me ordre om å gå frå Sortland innan 48 timar. Ein reketrålar hadde gått på grunn utanfor Svalbard. Det vart hektisk, men me kom oss i veg. Alle i båten hadde blitt redda, men han låg veldig utrygt, og mange frykta ein stor miljøkatastrofe med dieselutslepp, fortel hallingen.

Litt artig skal ein ha det på jobb, sjølv om det er kaldt og aude...

Mannskapet om bord på KV Svalbard avverja utslepp av miljøskadeleg avfall, og etter tre veker klarte dei å tømme heile båten for diesel og utstyr.

– Det har gått slag i slag. Dei to siste åra har vore veldig spennande i karrieren. Eg har fått opplevd veldig mykje, og tileigna meg kompetanse som eg ikkje hadde fått andre stader. Kompetanse som er veldig eksklusiv, seier Strand.

Heim til jul

Etter over ein månad med å brøyte seg gjennom pol-isen, ser no hallingen fram til å kome heim til kone og barn.

– Det er alltid ei god kjensle å kome heim når du har vore ute lenge. Eg er heldig som har ei kone som er veldig flink til å stelle heime og ta seg av ungane medan eg er borte. På tokt som dette har ein og veldig avgrensa kommunikasjon. Derfor er det godt å kunne vere til stades når eg først kjem heim. Når eg er heime tek eg ikkje jobben med meg, men har hundre prosent fri. Så det blir fint å kome heim, slappe av litt og gjere daglegdagse ting, avsluttar Strand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Simen Øen Strand meiner han må vere første halling på Nordpolen. Her saman med kompisen Anders Christensen.
Å vere navigatør langt oppe i isaudet er ingen 9-16-jobb.