Brannvesenet planlegg ei stor skogbrannøving ved Vermefoss onsdag. Biletet er frå skogbrannen på Beia i Nes, sommaren 2014.
Brannvesenet planlegg ei stor skogbrannøving ved Vermefoss onsdag. Biletet er frå skogbrannen på Beia i Nes, sommaren 2014.

Skogbrannøving: Vil prøve å tenne eld i vått gras

I dag, onsdag, gjennomfører brannvesenet ei stor skogbrannøving i Gol.

Kring 50 brannmannskap frå heile landet har denne veka vore på skogbrannkurs på Torpomoen. Siste kursdag skal dei ha praksis i felten.

Onsdag er det meld rikelege mengder med nedbør over Hallingdal. Dersom brannvesenet klarar å tenne fyr på den regnblaute skogen, er planen å avslutte kurset med ei realistisk øving. Mannskapa skal rydde branngater og jobbe med sløkking. Dette vil skje i eit skogsområde vest for Hallingdalselva ved Vermefoss i Gol. Brannøvinga vil vere godt synleg frå Rv7.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannsjef i Hallingdal, John Bjella, opplyser til Hallingdølen at det onsdag i tidsrommet 11 til 15 kan bli røyk, eld og trafikk frå eit skogbrannhelikopter i dette området.