Snøkanonane har gått for fullt over heile Hallingdal siste dagane. På Storefjell opnar barneheisen i dag, laurdag.
Snøkanonane har gått for fullt over heile Hallingdal siste dagane. På Storefjell opnar barneheisen i dag, laurdag.

Skisesongen har starta

Nysnø og minusgrader siste dagane har ført til at skisesongen er i gang både i alpinanlegg og løyper.

Snøkanonane har gått for full musikk over heile Hallingdal dei siste dagane.

Det er ikkje berre alpinanlegga som gjer seg klare til å ta imot fyrste gjestene. 15–20 centimeter nysnø denne veka gjer at dei som vil gå på bortoverski kan finne fram skiutstyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skiløyper på Geilo

– Løypa frå Havsdalen til Prestholt og Ustedalsfjorden Rundt er rulla. Ved Geilohallen går snøkanonane for fullt. Der blir ei løype på to kilometer ferdig i løpet av helga, opplyser dagleg leiar i Geilo idrettslag, Espen Nordbye Andersen.

På Liatoppen hadde Ål Skiskyttarlag si fyrste skitrening denne veka i ei skøyteløype på to kilometer. På Holsåsen er det slodda løype langs vegen frå Steinstølen.

– Det er best forhold for skøyting. Om det er nok snø til å køyre spor før helga, veit eg ikkje, seier Nordbye Andersen.

På Liatoppen Skisenter er det ei løype på to kilometer.
På Liatoppen Skisenter er det ei løype på to kilometer.
På Geilo er det slodda løype frå mellom Havsdalen og Prestholt.
På Geilo er det slodda løype frå mellom Havsdalen og Prestholt.
Frå Havsdalen til Prestholt er det køyrt opp skiløype.
Frå Havsdalen til Prestholt er det køyrt opp skiløype.

Barneheisen klar

I alpinanlegga har snøkanonane spydd ut kunstsnø etter at temperaturen kraup ned på minussida. Tidspunkta for heisopningar er uviss.

Dersom ikkje snøproduksjonen blir stoppa av mildvêr og regn, er fyrste nedfartsløypene klare til bruk i løpet av få dagar.

– Me har produsert nok snø til at barneheisen opnar laurdag. Skiløypene har me ikkje hatt tid til å preparere. Nysnøen har sige saman, men det er nok snø at ein kan gå på ubrøytte fjellvegar på Golsfjellet, seier løypekøyrar Arne Nibstad på Storefjell Høyfjellshotell.