Politi frå Hol Lensmannskontor var tysdag på plass og gjorde undersøkingar på staden.
Politi frå Hol Lensmannskontor var tysdag på plass og gjorde undersøkingar på staden.

"Skapelsen" øydelagt

Skulpturar ved Hermon Høyfjellsenter utsett for hærverk. - Dette er stygt skadeverk, seier politiet.

- Dette er veldig leit. Kva får folk til å gjere slikt, spør  turistvert Arne Håtveit der han vandrar mellom dei øydelagde skulpturane. 

"Skapelsen" heiter serien på sju skulpturar laga av kunstnaren Tor Lakselv. I1986 stod dei klare langs ein sti i skogen like ved Hermon høyfjellsenter i Sudndalen i Hol. Kvar skulptur har sitt bibelvers og dei symboliserer skapelsesberetninga. No ligg dei knust til pinneved i lyngen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stygt gjort

Skadeverket vart oppdaga av ei gjest måndag denne veka. Forrige veke var skulpturane heile.

- Hærverket må ha skjedd ein gong mellom fredag og sundag, trur Ruth Håtveit.

I dag var politi frå Hol lensmannskontor på plass for å gjennomføre teknisk og taktisk etterforsking.

Skulpturane ligg knust langs stien.
Skulpturane ligg knust langs stien.

- Dette er stygt gjort. Skadeverk som grensar til hatkriminalitet, seier Olga Kurganova ved Hol Lensmannskontor. 

No vil politiet sjekke arkivet etter liknande saker. Kan det ha skjedd liknande episodar tidlegare?

Anmelder herverket

Arne og Ruth Håtveit har no meldt saka til politiet. 

- No vil me gå gjennom overvakingskamera frå området, fortel Arne. 

Ruth Håtveit synes det heile er ei ekkel oppleving.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me trur jo at me bur på verdas tryggaste plass, og så skjer dette. Det gjer noko med kjensla av tryggleik. Kva blir det neste? spør ho.

Ein ser tydeleg at gjerningspersonane har øydelgat bibelvers og religiøse symbol.

- Kva slags ideologi er dei styrte av? Dette er meir en berre pøbelstrekar, det verkar som eit angrep på kristendommen som religion.