Kristiansand tingrett er ikkje i tvil om at ei 43 år gammal kvinne tok livet av Øystein Hagel Pedersen, her avbilda i februar 2014  framfor bilforretninga han var iferd med å starte opp på Geilo.
Kristiansand tingrett er ikkje i tvil om at ei 43 år gammal kvinne tok livet av Øystein Hagel Pedersen, her avbilda i februar 2014 framfor bilforretninga han var iferd med å starte opp på Geilo.

Sjubarnsmora fekk 21 års forvaring

Ein 43 år gammal sjubarnsmor er dømt for drapet på Geilo-mannen og ekssambuaren Øystein Hagel Pedersen.

Kvinna er også dømt for å ha teke livet av sin eigen far for 17 år sidan. No er ho dømt for to overlagde drap til lovas strengaste straff, 21 års forvaring med ein minstetid på ti år.

Kvinna har heile tida nekta for å ha hatt noko med dei to drapa å gjere. Men ho vart ikkje trudd av retten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Planlagt drap

Øystein Hagel-Pedersen var tidlegare sambuar med kvinna. Dei har to barn saman.

Han vart funnen død på First Hotell i Kristiansand i april 2014. På nattbordet og på golvet låg det sovepiller. Aktor Ragnhild Helgesen sa i prosedyren i Kristiansand tingrett, ifølgje VG, at det er umogleg å forstå at den 67 år gamle ekssambuaren skal ha teke 15 sovetablettar på soverommet ved eit uhell. Ho meinte at dette var eit godt planlagt drap som var gjort med overlegg. Påtalemakta meiner at han døydde av forgifting eller kveling.

Under etterforskinga brukte politiet ein undercover-agent for å for å avsløre kvinna. Men ho erkjente ikkje noko.

Flytta til Geilo

Øystein Hagel Pedersen vart funnen død kort tid etter at han hadde flytta tilbake til Geilo og starta bilforretning der.

Under opninga av bilforretninga uttalte han til Hallingdølen at han trivst fantastisk godt på Geilo og i Hallingdal, og at han ville bli halling på sine eldre dagar.