Ein skulebuss har køyrt av vegen i Nes.
Ein skulebuss har køyrt av vegen i Nes. Foto: Egil Blomsø

Sju personar i trafikkulykke

Ein større bil hamna i autovernet på Rv7 onsdag formiddag.

Politiet melde om hendinga rundt klokka 12.00. Ein bil hadde køyrt inn i autovernet ved Lienvegen på Geilo, rett ved der vegen kryssar elva. 

Sju personar sat i bilen, to av dei barn. Ifølge politiets operasjonssentral så er det ikkje meldt om nokon konret personskade, kun materielle skadar. 

Det var ei stund manuell dirigering på staden, men vegen er no opna att. Dei involverte i ulykka er sendt til legevakt for sjekk.