Parykkbukken vart skoten i Hemsedal fredag.
Parykkbukken vart skoten i Hemsedal fredag.

Sjeldan rådyrbukk

I Hemsedal vart ein heilt spesiell rådyrbukk skoten fredag. Den har ein svært uvanleg hornpryd.

– Eg har aldri sett maken, fortel jegeren Per Erik Sæther, Fredag skaut han ein såkalla parykkbukk. Det skal visstnok dreie seg om ein hormonfeil hjå enkelte individ som gjer at horna ikkje stoppar å vekse.

Jegeren trudde det dreidde seg om ein returbukk, altså ein gamal bukk som skulle bli teken ut. Rådyret var veldig stort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spesielle horn

Stor var derfor overraskinga då han oppdaga den spesielle hodepryden.

– Basten sit på, og det ser ikkje ut som om dyret er så gamalt, fortel han. Horna er berre to lange spyd, kledd i pels. Såkalla parykkhorn, med andre ord. Sæther har lese at folk reiser til Polen for å få skyte slike rådyr. No lurar han på om han skal stoppe ut hovudet, om det såpass sjeldan. Han har og lese at tilstanden kan føre til at dyret til slutt ikkje ser noko. Så det skal vere lurt å få avliva dei, før det går så langt.

Mykje kjøt

– Slaktevekta er på 26 kilo, så dette er den største rådyrbukken eg har skote nokon gong, fortel Sæther. Gjennomsnitts slaktevekt på eit rådyr ligg til vanleg på mellom 10 og 20 kilo.

Per Erik Sæther i Hemsedal skaut ein sjeldan bukk fredag. Ein såkalla parykkbukk. Jegeren har aldri før sett ein slik bukk med parykkhorn, berre høyrd snakk om at det finnast. Bukken hadde ei slaktevekt på 26 kilo. Og største bukken Sæther har skote.
Per Erik Sæther i Hemsedal skaut ein sjeldan bukk fredag. Ein såkalla parykkbukk. Jegeren har aldri før sett ein slik bukk med parykkhorn, berre høyrd snakk om at det finnast. Bukken hadde ei slaktevekt på 26 kilo. Og største bukken Sæther har skote.

– Ofte er det visst hodyra som kan få slike parykk-horn, legg Sæther til.

Parykkhorn kan finnast hjå elg, rådyr og andre hjortedyr. Det er ikkje noko gale med kjøtet. Tilstanden svært sjeldan. I eit hjorteovervakingsprogram i 2002, som omfatta over 60 kommunar og nær 400 innrapporterte dyr, hadde berre eitt dyr parykkhorn, eit rådyr.