Det er grunn til å tru at svingskiva på trekkvogna ikkje var tilstrekkeleg smurt då tralla datt av. Det kan ha vore årsaka til at tralla losna og trefte bilen til Medhus og Kvarv. (Arkiv
Det er grunn til å tru at svingskiva på trekkvogna ikkje var tilstrekkeleg smurt då tralla datt av. Det kan ha vore årsaka til at tralla losna og trefte bilen til Medhus og Kvarv. (Arkiv

Sjåføren fekk bot - betalte aldri

21. september 2012 vart ei kvinne i 60-åra alvorleg skadd etter at bilen ho køyrde vart råka av ei laus semitralle ved Spildra i Gol.

Ulukka skjedde då tralla losna frå den polske trekkvogna og trefte den møtande bilen. Tralla kløyvde på det næraste Mercedesen i to. Dei tre som sat i bilen berga til all lukke livet, men sjåføren fekk alvorlege skader og har fått varige mein etter ulukka.

Køyreforbod

Den polske sjåføren fekk ei bot på 10.000 kroner frå politiet. Dei meinte han var skuld i at tralla hadde losna frå trekkvogna. I tillegg fekk han forbod mot å køyre i Norge i seks månader.

Artikkelen held fram under annonsen.

I to år prøvde politijuristar å krevje inn førelegget, men lukkast aldri å få tak i sjåføren. Den 5. november i år vart kravet forelda, utan at sjåføren hadde gjort opp for seg.

No kan den polske sjåføren halde fram å køyre i Norge.

Ber ingen nag

Magne K. Medhus, eigaren av personbilen som vart knust i samanstøyten med semitralla, fortel til Hallingdølen at han ikkje ber nag til sjåføren.

– Eg trur dei utanlandske sjåførane er dårleg betalte, og ei bot på 10.000 kroner er mykje pengar for dei. Det hadde vore meir rett om det var selskapet han jobba for som betalte.

Han er oppgitt over dei norske verksemdene som leiger transporttenester hjå utanlandske transportselskap. Dei burde forvissa seg om at køyretøy og sjåførar er skikka til å køyre på norske vegar før dei bestilte tenestene. Aller helst burde norske verksemder kjøpt tenestene sine frå norske transportørar, meiner Medhus.