Gaupa Ingrid har fødd to gaupeungar.
Gaupa Ingrid har fødd to gaupeungar.

Sjå unik video av nyfødde gaupeungar

Stor stas på Langedrag Naturpark. Gaupemor Ingrid har fødd to ungar.

– Me har aldri tidlegare greidd å filme så tett på den fyrste tida, seier ein oppglødd Tuva Thorson ved Langedrag Naturpark.

Gaupa er svært sky frå naturens side. Men med Ingrid har Thorson greidd å bygge opp ein heilt spesiell tillit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg får kome heilt bort til det vesle huset der ho har valt å få sine små. Å sjå nyfødde gaupeungar er det nesten ingen som har fått høve til. Dei er fødd både blinde og utan høyrsel. Dei nyttar difor luktesansen og føler seg fram den fyrste tida. Etter 10–14 dagar begynner dei å sjå.

Filmen frå Langedrag syner morsinstinktet til gaupemor. Ho har tydeleg stor omsorg for dei små. Ho legg seg til rette slik at gaupeborna lett skal finne pattane.

Ingrid er sjølv fødd vill, men mora vart påkøyrt av toget. Ingrid og systera vart henta som små gaupeungar til Kristiansand dyrepark kor dei vaks opp. Deretter kom Ingrid til Langedrag Naturpark. Her er ho også med på eit avlsprosjekt for gauper.

Tuva Thorson vil gjerne ha hjelp til namn på dei små. Rett nok er ein framleis litt usikre på kjønnet.

– Me plukkar ut to namn av kvart kjønn. Når me har funne ut om det er han eller ho, bestemmer me namnet. Vinnarane får gratis gaupebesøk inn i gaupehegnet, lovar Thorson.

Forslag til namn kan sendast til:post@langedrag.no