Tung, våt snø kan skape farlege situasjonar i bratta i tida framover.
Tung, våt snø kan skape farlege situasjonar i bratta i tida framover.

Sjå opp for den våte snøen i bratta

Stigande temperatur fører til moderat skredfare i Hallingdal.

Det har vore liten skredfare i Hallingdal dei siste dagane, men grunna høgare temperaturar vil den i helga stige til faregrad 2 – moderat skredfare.

Då aukar faren for at gamle svake lag nede i snødekket kan utløyse skred i bratt terreng. Slike skred vil i så fall kunne bli store, men sjansen er relativt liten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varmt vêr og plussgrader heilt til topps i fjellet medfører også fare for enkelte naturleg utløyste snøskred med våt snø. Slike skred er tunge og kan skade ein skiløpar. Skredfaren kan variere mykje gjennom døgnet. Snøskredvarslinga oppmodar folk på nettstaden varsom.no om å vere ekstra forsiktige om det regnar og når temperaturen stig.