Sjå første episode av Hallingdølens nye serie «Idrettsdraumen»

I den aller første episoden i serien «Idrettsdraumen» får du møte Johnas Ulshagen Jorde. Han er 18 år, fotballkeeper og drøymer stort.

– Det er ikkje når eg er 20 eg skal vere på mitt beste. Eg er framleis veldig ung for å vere keeper, det er når ein er 28 eller 29 keeperar er på sitt toppunkt, seier Jorde.

– Og kor er du då?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då speler eg fast på eit eliteserielag, det er draumen og det eg håpar på. Med litt flaks.

Sjå heile episoden om Jorde øvst i artikkelen.

Idrettsdraumen

Idrettsdraumen er eit multimedialt prosjekt som presenterer Hallingdølens lesarar for unge idrettstalent i dalen vår.

Ein gong i månaden kan du lese om unge som driv med, fotball, skiskyting, alpint eller langrenn. På hallingdolen.no kan du også sjå ein videodokumentar om dei unge håpefulle. Me håpar du klikkar deg inn på nettsida og ser dei.

Har du synspunkt eller tilbakemeldingar til prosjektet så send gjerne ein e-post til ed@hallingdolen.no