Klart for saueskit-bingo. Slepp inn sauene «and let the game begin».

Stor biletserie frå folkehavet på Fårefestivalen: – Så hyggeleg å sjå at folk kosar seg

Fårefestivalen råka blink. Dei rulla ut festivalstemninga akkurat den dagen syndfloda tok pause. Endeleg ein opptur.

Sissel Bjørøen i Visit Gol er vertinna for Fårefestivalen. Laurdag gliste ho frå øyre til øyre.

– Ja, i dag har eg det bra. Det er så hyggeleg å sjå at folk kosar seg i gata, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje ein rein filttøffelfestival

Laurdag føremiddag vart Sentrumsvegen sperra for biltrafikk. Berre ein og annan veterantraktor, med ungar på hengaren, laga motordur i gata. Ut over dette var det eit lite folkehav mellom salsbuer med mat, handverk, godteri og krimskrams.

Trur du Fårefestivalen berre er ein rein filttøffelfestival, kan du bli overraska. For i år hadde også eit ungt teknologiselskap sett opp stand i Sentrumsvegen.

Saue-hightech

Ei gruppe studentar frå NTNU i Trondheim har forska fram ein prosess der ull blir varmepressa til eit materiale som toler vatn, i tillegg til at det blir brote ned til næringsstoff når potta blir planta i jorda. Pottene er laga av nedklassifisert ull, altså ull som er så grov og skitten at det er eit restprodukt som elles blir kasta.

– Slik ull er rik på næringsstoff, held godt på fukt, og har i tillegg jordforbetrande eigenskapar, fortel Mathias Hoel, dagleg leiar i Woolero. I tillegg til potter, produserer selskapet organisk gjødselpellets av saueull.

I regn og motvind

Både vertinna i Visit Gol og handelsnæringa har jobba i motvind denne sommaren. Først regna Goldagen vekk, før ekstremvêret Hans øydela omsetnaden i august.

– Handelsnæringa trengde ein opptur?

– Ja, i år trengde næringa oppturen frå ein god Fårefestival, seier Bjørøen.

Og det fekk ho. Ein dag med opplett, før det snart startar å ause ned på nytt.

Artikkelen held fram under annonsen.