Slettemoen bru forbi Gol. Onsdag morgon er riksvegen open att.

Riksveg 7 opnar gjennom Gol før skulestart i morgon

Statens vegvesen melder at riksveg 7 opnar gjennom Gol onsdag morgon.

Vegen har vore stengt ved Slettemoen bru mellom midtre og øvre avkøyring til Gol sentrum. Ei veke etter at ekstremvêret herja, gjorde skade og stengde vegar, er Rv7 reparert att.

Vegen opnar klokka 07 onsdag morgon. Det blir vanleg ferdsel og ingen avgrensingar for tungtrafikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir kanskje lysregulert ein kort periode, men det vil ikkje vere mykje til hinder. Truleg vil me ikkje vere heilt ferdig med å setje opp autovernet akkurat på brua, fortel Bjørn Kristian Bråten i Statens vegvesen.

Slik såg det ut då vatnet tok Rv7-brua ved Slettemoen i Gol.

Han er tilfreds med at vegen blir opna før skulestart, slik at ein unngår stor trafikk gjennom sentrum når elevane startar på skulen i morgon.

– Entreprenøren har jobba utruleg godt, det er berre å ta av seg hatten for det arbeidet som er gjort. I tillegg har bilistane tatt omsyn når dei har køyrt gjennom Gol sentrum, så alt har gått veldig bra, seier Bjørn Kristian Bråten.