Sigrid Simensen Ilsøy er nominert på andreplass på lista til Buskerud Senterparti før stortingsvalet neste år. Her er ho flankert av Line Sperrevik Persson (Frp) og Gjertrud Gauteplass (KrF) i Hol kommunestyre.
Sigrid Simensen Ilsøy er nominert på andreplass på lista til Buskerud Senterparti før stortingsvalet neste år. Her er ho flankert av Line Sperrevik Persson (Frp) og Gjertrud Gauteplass (KrF) i Hol kommunestyre.

Simensen Ilsøy nominert på andreplass

Sigrid Simensen Ilsøy frå Hol er nominert på andreplass på lista til Buskerud Senterparti før stortingsvalet neste år.

Per Olaf Lundteigen toppar lista valkomiteen presenterte tysdag.

– Eg er godt fornøgd. Det blir eit spennande år, seier Simensen Ilsøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Distriktsmandat

Toppkandidat Per Olaf Lundteigen sidan 2005 vore valt inn på Stortinget på utjamningsmandat.

I 2013 fekk partiet 6,1 prosent av stemmene i fylket. Simensen Ilsøy seier partiets mål er å ta eitt av åtte distriktsmandat. Dei gjekk ved forrige val til Arbeidarpartiet (3), Høgre (3) og Frp (2).

- Me bør ha moglegheiter til det. Folk har fått sjå kva regjeringa står for med kommunereform og sentralisering. Det bør vere eit pluss for Senterpartiet, seier varaordføraren i Hol.

Ho gler seg til valkamp og arbeidet fram mot valdagen i september 2017.

– Eg blir meir aktiv i valkampen, og skal bli betre kjend med fylket.

Sp-lista

Dette er lista nominasjonskomiteen i Buskerud Senterparti presenterte denne veka.

Det endeleg valet skjer på nominasjonsmøtet 22. oktober: 1. Per Olaf Lundteigen (Øvre Eiker) 2. Sigrid Simensen Ilsøy (Hol) 3. Magnus Weggesrud (Nedre Eiker) 4. Else Marie Rødby (Hurum) 5. Viel Jahren Heitmann (Rollag) 6. Knut Skinnes (Krødsherad) 7. Elin Bergerud (Nore og Uvdal) 8. Anders Braaten (Ringerike) 9. Trine Borge Johansen (Drammen) 10. Anne Kristine Norman (Sigdal) 11. Olav Skinnes (Krødsherad) 12. Ingunn Dalaker Øderud (Modum) 13. Eli Hovd Prestegården (Nore og Uvdal) 14. Kari Anne Sand (Kongsberg) 15. Harald Oscar Buttedahl (Lier