Seks tilsette i Posten i Hallingdal mistar jobben frå 6. mars. Då flyttar Posten brevsorteringa om morgonen til Hønefoss.
Seks tilsette i Posten i Hallingdal mistar jobben frå 6. mars. Då flyttar Posten brevsorteringa om morgonen til Hønefoss.

Seks mistar jobben i Posten

Seks tilsette i Posten i Hallingdal mistar jobben når postsorteringa skal omorganiserast.

Endringa trer i kraft måndag 6. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå denne dagen blir brevsorteringa om morgonen gjort på Hønefoss.

– Endringane betyr dessverre at det går utover våre tilsette, seier distriktssjef i Buskerud, Bård Yngve Pettersen.

Må spare

Seks tilsette i fem årsverk mistar jobben som ein følge av omorganiseringa.

– Det skuldast ein utfordrande volumsituasjon. Me må spare inn i takt med inntektsbortfall, seier Pettersen.

Posten gjer endringar i heile landet. Årsaka er atdet blir sendt mindre post enn tidlegare. For dei tilsette i Hallingdal betyr endringa frå 6. mars at dei berre skal køyre heildagsruter. Postboda får berre utedagar. Fram til no har det vore ei prosentvis fordeling mellom inne- og utearbeid.

Pettersen seier det er trist at omorganiseringa råkar seks tilsette.

– Men 70 prosent av tiltaka er løyst med frivillige ordningar. Me har gode ordningar i Posten. Det har vore ein prosess med tillitsvalde og fagforeininga.

– Vil kundane merke noko?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har krav å halde oss til. Posten kjem kvar dag slik som før, seier Pettersen.

– Beklageleg

Kretstillitsvald i Buskerud, Vestfold og Telemark i Postkom (Norsk Post- og Kommunikasjonsforbund), Grete Høgvoll, seier nedbemanninga er beklageleg.

– Det er synd at slikt skjer, og trist for dei som blir råka. Men me ser at postmengda går ned. Den har vel gått ned med kring 10 prosent siste året. Og det kan ein jo ikkje leve med, seier Høgvoll.

Høgvoll stadfestar at 70 prosent har takka ja til sluttpakke. Resten er sagt opp.

– Korleis reagerer dei seks på at dei mistar jobben?

– Dei er sjølvsagt lei seg. Men dei er kjend med prinsippet om sist inn, først ut som er prinsippet det blir nedbemanna etter. Det er ingen god beskjed å få, seier Høgvoll.