Sparebank 1 Hallingdal er blant bankane som blir ramma av bankstreiken.
Sparebank 1 Hallingdal er blant bankane som blir ramma av bankstreiken.

Seks banktilsette i Hallingdal er blant dei 1200 som er i streik

LO Finans og Finans Norge vart ikkje samde i forhandlingane. Dermed går 1200 personar ut i streik.

På lista over bedrifter som blir råka av konflikten står Sparebank 1 Hallingdal Valdres.

I Hallingdal er førebels seks banktilsette i streik, mens det i Valdres er ein tilsett i streik. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kundar vil merke streiken ved at det tek lengre tid å få svar på telefon, seier tillitsvald Bjørg Jorde i Sparebank 1 Hallingdal Valdres.

Fire av dei tilsette som streikar i Hallingdal jobbar vanlegvis i kundesenteret og to jobbar med forsikring. I Valdres er ein rådgjevar tatt ut.

– Hjå oss er det 10 av 14 bankar som blir berørt. Desse blir berørt i ulik grad, og det er forsikringsselskapet som blir hardast berørt, seier kommunikasjonsdirektør Kristin Vetleseter i Sparebank 1 tilE24.