Heidi Granli (Gol, Ap), Petter Rukke (Hol, Ap),  Oddvar Grøthe (Hemsedal, Sp), Tore Haraldset (Nes, Bygdelista), Solveig Vestenfor (Ål, Ap) og Tor Egil Buøen (Flå, Bygdelista). (Arkivfoto)
Heidi Granli (Gol, Ap), Petter Rukke (Hol, Ap), Oddvar Grøthe (Hemsedal, Sp), Tore Haraldset (Nes, Bygdelista), Solveig Vestenfor (Ål, Ap) og Tor Egil Buøen (Flå, Bygdelista). (Arkivfoto)

Seier morna til Buskerud

Hallingdal satsar ikkje på Buskerud som eigen region.

På eit ekstraordinært møte i Regionrådet for Hallingdal onsdag vart det semje om eit heilt anna alternativ.

Sjølv om Buskerud som ein ny region er eit godt alternativ, meiner regionrådet at ei samanslåing av Buskerud, Vestfold, Asker og Bærum er den beste løysinga for ein ny folkevalt region.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa ønskjer ikkje berre færre kommunar. Den vil også slå saman fylke til regionar. I uttalen frå regionrådet blir det slått fast at Hallingdal uansett løysing vil liggje i ein geografisk ytterkant i ein ny stor region der avstandane i mange samanhengar blir større og der distrikta fort kan bli ein «parentes».

Regionrådet understrekar at det er heilt avgjerande at kunnskap og moglegheiter som fjellregionane har blir lyfta fram i dei komande prosessane.

Samtidig forventar regionrådet at det blir nøye vurdert korleis ein sikrar politisk representasjon frå alle område i ein større region. Dersom fylkesinndelinga blir vesentleg endra bør dagens valkretsinndeling behaldast ved stortingsval for å sikre geografisk representasjon, meiner regionrådet.