Visit Geilo arrangerer vertskapskurs for sesongarbeidarar i Hol. – Me skal sko dei for sesongen, seier turistsjef Pål Knutsson Medhus.
Visit Geilo arrangerer vertskapskurs for sesongarbeidarar i Hol. – Me skal sko dei for sesongen, seier turistsjef Pål Knutsson Medhus.

Satsar på sesongarbeidarane

Sesongarbeidarane er viktig arbeidskraft i Hol. Sundag er dei invitert på vertskapskurs.

For reiselivet i kommunen tek vertskapsrolla på alvor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sesongarbeidarane skal få kjennskap og kunnskap om lokale forhold. Me skal sko dei for sesongen, seier turistsjef Pål Knutsson Medhus.

Målet er å «utdanne» den kunnskapsrike sesongarbeidaren. I Hol er det kring 100 av dei. Hovudsakleg er dei her for å jobbe i den travle vintersesongen.

– Men fordi me er vorte eit heilårs reisemål, blir mange eitt år. Difor er det endå viktigare å ta vare på dei, seier Medhus.

Sundag vil dei difor få moglegheit til å bli kjende med kommunen og kvarandre gjennom foredrag og quiz. Og som ein topp på det heile, held Daniel Kvammen konsert. Før helga var det over 100 påmelde.

– Målgruppa er sesongarbeidarane. Me gjer det for at dei skal på ein «flying start». Me får ikkje lært dei alt. Men me vil få dei interesserte i lære meir, seier Medhus.

Vertskapskurset er ikkje berre for sesongarbeidarar. Her kan alle melde seg på. Medhus håpar mange kjem for å fylle på med kunnskap om bygda.