Marcel Vos og Nicole Tielemans har drive Hulbak Camping & Hytter i fem år.
Marcel Vos og Nicole Tielemans har drive Hulbak Camping & Hytter i fem år.

Satsa på draumen

Dei følgde draumen og reiste til Norge for å satse på noko heilt anna. No driv dei ei lita campingperle som scorar høgt på nøgde gjester.

– Me fekk «Guest review award 2014» frå Booking.com med gjennomsnittspoeng på heile 8,7, fortel Nicole Tielemans på Hulbak Camping & Hytter i Hemsedal. I resepsjonen i det flotte stabburet står fleire plakatar som fortel at den vesle campingperla har gjort seg merka med svært nøgde gjester. Zoover er ei annan vurderingsside på nett der gjestene har kåra Hulbak Camping & Hytter som den fjerde beste campingplassen i Norge i 2014 og ein av dei tre beste i 2015.

Følgde draumen

Det nederlandske paret Nicole Tielemans og Marcel Vos tok det store spranget for fem år sidan. Frå eit godt liv med godt betalte jobbar og eige hus i Nederland, til å drive ein liten campingplass og guida fjellturar i den norske fjellheimen. Dei hadde besøkt Norge fleire gonger og hadde ein liten draum om å flytte hit. Til slutt fann dei ut at det ikkje var nok å berre snakke om det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hovudpoenget er at å gjere det er mykje betre enn å ikkje gjere det, fortel det blide paret. Frå ein travel by, travle jobbar, mykje trafikk og lite natur, søkte dei seg til den norske fjellbygda med 2000 innbyggjarar.

– Like mange som var tilsett i helseforsikringsføretaket eg jobba i. Frå 2000 kollegaer til ein, smiler ergoterapeuten Nicole som var lei av å sitje på kontor. Marcel er utdanna innan økonomi og marknadsføring og jobba som lærar i Nederland. No måtte dei begge omstille seg totalt. Starte eiga bedrift og drive innan turisme. Noko som inneber alt frå guiding i fjellet til å reparere øydelagde toalett i sanitæranlegget.

Auka omsetninga

– Eg guidar i fjellet gjennom firmaet Norsk Outdoor, fortel Marcel. Stort sett for nederlendarar, tyskarar og danskar. Fotturar om sommaren og trugeturar om vinteren. Dette var og ein del av draumen. Å endre livet. Å vere nærare naturen. Å slutte å berre snakke om det. Sjølv om inntekta er mindre, er fridomen større.

Gjestene set pris på Hulbak Camping & Hytter.
Gjestene set pris på Hulbak Camping & Hytter.

– Me tok kurs i norsk i Nederland og søkte jobb gjennom nettstaden placement, fortel Nicole. Det var her dei kom i kontakt med eigaren av den vesle campingen i Hemsedal. Den har dei no leigd i fem år. Og har aldri angra ein dag på avgjerda.

– Marcel sat på flyet heim frå Norge då me hadde vore her på intervju – og skreiv oppseiinga, smiler Nicole. I mai 2010 starta dei jobben som campingvertar. Det vart ei bratt læringskurve. Vinteren hadde stort besøk, men no har dei sakte men sikkert bygd opp sommaren også. Dei har auka omsetninga for kvart år. Dei har fire store hytter med innlagt vatn, ei leilegheit, fem campinghytter og 20 plassar på camping. For to og eit halvt år sidan la dei ut tilbodet på booking.com. Det gav auke i trafikken.

Stille og roleg

– Hulbak Camping & Hytter er ein stille og roleg plass for familiar og folk som elskar naturen, fortel dei. Skisenteret er fem minutt unna, langrennsløypene rett ved og naturen omkrinsar det heile. Ifølgje gjestene på booking.com er plassen godt utstyrt og godt vedlikehalde. Utan at det er luksuriøst. Men her er reint og familiært med eit svært godt personale.

– Me fekk høg score på personal, fortel Nicole glad. Ho kan anbefale folk som ønsker ei endring, om å ta tak og gjere noko med det.

– Dette er gøy. Mykje positiv energi. No går kontrakten vår ut i september 2016, så då ber det av garde på nye eventyr. Me er klare, smiler ho. Paret kan godt tenkje seg å drive ein campingplass andre stader i Hemsedal eller Hallingdal. Dei er vorte glade i fjelldalen. Og vorte kjend med campingdrift.