Trailer har køyrd av vegen i Kjerringvika i Nes.
Trailer har køyrd av vegen i Kjerringvika i Nes.

Såpeglatt på vegen

Det er glatt på vegane. Ved Kjerringvika i Nes har ein trailer velta over ende i grøfta.

Yr.no melder om glatte vegar i heile Hallingdal. Oppdragsleiar Marius Knudsen ved politiets operasjonssentral i Tønsberg opplyser at politiet fekk melding om trailervelten på Rv7 ved Kjerringvika i 06.30-tida tysdag morgon.

Ver skodd etter føret

– Det er eit utanlandsk køyretøy som ligg i grøfta. Hendinga har ikkje resultert verken i personskade eller trafikale problem. Litt før klokka 8 kom det ny melding om at traileren framleis ligg i grøfta. Ein patrulje er no på veg frå Gol, seier Knudsen klokka 08.30. I morgontimane tysdag var det mange som vart overraska over det glatte føret, men så langt har ikkje politiet fått melding om andre hendingar i hallingdalstrafikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er opplagt at det er tid for vinterdekk viss du skal ut på vegen. Viss ikkje du har vinterdekk, må du la bilen stå, seier Knudsen.

Vinterføre på fjellovergangane

På fjellovergangane melder Statens vegvesen om snø- og isdekke. På Rv52 over Hemsedalsfjellet er det fare for glatte parti. Klokka 05.55 var det minus 6 grader, svak vind og snøbyer.

På Rv 7 over Hardangervidda kan kolonnekøyring bli innført på kort varsel, melder Statens vegvesen. Klokka 05.25 var det minus 8 grader, stiv kuling, skiftande skydekke og lett snø. Også på Fv50 Hol–Aurland er det liten kuling og snø.