Meir politi og meir samarbeid med lokalt næringsliv og kommune skal gi mindre bråk, uro og andre uønskte hendingar i Hemsedal.
Meir politi og meir samarbeid med lokalt næringsliv og kommune skal gi mindre bråk, uro og andre uønskte hendingar i Hemsedal.

Saman for mindre kriminalitet

Det manglar berre ein signatur før ein samarbeidsavtale mellom Hemsedal turisttrafikklag, kommunen og politiet er i hamn. Målet er mindre krim.

– Me ønskjer eit tett samarbeid med kommune og næringsliv, seier regionlensmann Brit Fyksen.

Samarbeidsavtalen er komen i stand etter fleire møte mellom politi, kommune og næringsliv dei siste to åra. Det kulminerte i ein brei debatt i kommunestyret i juni i fjor kring dei alkoholpolitiske retningslinene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klar til signering

Å få på plass ein avtale har blitt eit fellesprosjekt mellom dei tre aktørane. Avtalen er på det næraste klar til signering.

– Kva går den ut på?

– Det er mange element, og mykje går på oppfølging av dei alkoholpolitiske retningslinjene som med eitt unntak var veldig gode, seier Fyksen.

Unntaket er skjenketidene, som det vart politisk fleirtal for å utvide med ein time, som ein prøveperiode. Etter årets sesong vil det bli ei evaluering før det blir opp til kommunestyret å avgjere vegen vidare.

Mykje handlar om førebygging

Elles handlar avtalen om faste møte med både vaktselskap og drosjenæring.

Kommunen har etablert kurs for tilsette i utelivsbransjen. Her har også politiet tatt del. Problemet med overskjenking har vore tema.

Fyksen trur tiltak som betre lys kring utestader og ei meir aktiv bortvisning av overstadig rusa personar vil bidra positivt.

– Mykje handlar om å førebyggje at folk drikk seg fulle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men rus handlar ikkje berre om alkohol og skjenking?

– Nei, og i næringa må ein trene for å bli meir medvitne på teikn og symptom på narkotika.

«Bry deg uteliv»

Arbeidet med samarbeidsavtalen har hatt «Bry deg uteliv» som arbeidstittel, inspirert av eit prosjekt som Norges narkotikapolitiforening står bak. Dette prosjektet har som mål å redusere både omsetning og bruk av narkotika, samt vald og ordensforstyrring i samband med utelivet.

Det er oppretta lokallag i Hallingdal, og det er inngått samarbeid med utestaden Bar(t) i Hemsedal, men samarbeidet med prosjektet er ikkje formalisert, endå.

– Vintersesongen er alt i gang. Korleis var jule- og nyttårstida sett frå politiets side?

– Det har ikkje vore så store utfordringar denne sesongen. No har me starta med ein del tiltak, og så kan me håpe at det kan ha betydning, seier Fyksen.