Bilete av den sakna Lars Ronæs Afdal er sendt ut frå politiet i samråd med familien.
Bilete av den sakna Lars Ronæs Afdal er sendt ut frå politiet i samråd med familien.

Sakna mann kom til rette - hadde vore på fjelltur

Måndag morgon vart det sett i gang søk etter ein mann som var meldt sakna frå ei hytte vest for Vaset. Ved 18-tida dukka han opp att.

Politiet Innlandet melde om leiteaksjonen måndag formiddag.

Den sakna mannen, som no er kome til rette, heiter Lars Ronæs Afdal. Under leiteaksjonen valde politiet å gå ut med både namn og bilde, i samråd med mannens pårørande, i håp om å få tips frå publikum. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ana uråd

Hytta han var sakna frå ligg vest for Vaset i Vestre Slidre, ved Nørdre Trollhovd. Det var familien hans som sundag kontakta politiet og melde han sakna - han hadde vore aleine på hytta i fleire dagar, men familien ana uråd då han ikkje møtte opp til avtaler han hadde gjort. Bilen til den sakna stod framleis ved hytta då politiet starta søk. 

Mykje bakkemannskap var i sving for å leite etter mannen. Både Norske Redningshunder, Røde Kors og Norsk Folkehjelp var med, frå Hallingdal bidrog hjelpemannskap frå Geilo, Gol og Hemsedal. 

Dukka opp

Politiet sette også helikopter inn i søket, samt at ein båt søkte for å finne spor etter nyleg brukte leirplassar. 

Men ved 18-tida måndag kveld løyste saka seg sjølv. Då kom mannen nemleg gåande mot hytta - han hadde vore på fjelltur. 

- Han var ved godt mot og i god form, sier Jan Egil-Gilberg, ved Politet i Innlandet til NRK.