Ambulanseforbundet nyttar seg av liknande stil som Matilsynet brukar i sine kontrollar, når dei overrekker responstidsymbol i kommunen. Nore og Uvdal som ligg ti minutt seinare enn det som er normtid for grisgrendte strøk fekk eit surt fjes på sitt diplom. Frå venstre leiar i ambulanseforbundet Ola Yttre og ordførar Eli Hovd Prestegården.
Ambulanseforbundet nyttar seg av liknande stil som Matilsynet brukar i sine kontrollar, når dei overrekker responstidsymbol i kommunen. Nore og Uvdal som ligg ti minutt seinare enn det som er normtid for grisgrendte strøk fekk eit surt fjes på sitt diplom. Frå venstre leiar i ambulanseforbundet Ola Yttre og ordførar Eli Hovd Prestegården.

Så lenge må du vente på sjukebilen i Nore og Uvdal

35 minutt. Det er tida innbyggjarar i Nore og Uvdal må rekne med å vente på sjukebil.

Sidan april har leiar for ambulanseforbundet i Delta, Ola Yttre, vore på omfattande landsturne for å sette ambulansen responstid på dagsorden. Torsdag ettermiddag rulla han inn til Rødberg. – Set fokus på ei viktig sak, seier ordførar i Nore og Uvdal Eli Hovd Prestegården (Sp). Lokale medlemmer frå fagforbundet Delta og LHL var med då Yttre overrekte fasiten til ordføraren, om responstida i Nore og Uvdal.

I dag finst det berre ei nasjonal tilråding for normtid for ambulansetenesta, denne seier at ambulansen skal vere framme i løpet av 12 minutt i sentrale strøk og 25 minutt i grisgrendte strøk. I Nore og Uvdal ligg responstida på 35 minutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å ikkje levere på normtida er ikkje Nore og Uvdal åleine om. Av dei 86 kommunane Yttre besøkjer er det berre 11 som klarar å kome fram innan normtid.

Eldrebølge

Under parolen «God responstid gir lokal tryggleik» køyrer Yttre landet rundt og krev at responstida blir lovfesta.

– Per i dag er det berre brannvesenet som har dette lovfesta. Ein ser også at helsetenesta og politiet støtter seg på at brannvesenet er fyrst framme ved ulykker, seier Yttre.

Det var fleire lokale medlemmer frå både Delta og Landsforeningen for hjarte og lungesjuke som støtta opp Yttre sin turné.
Det var fleire lokale medlemmer frå både Delta og Landsforeningen for hjarte og lungesjuke som støtta opp Yttre sin turné.

Lars Melby, som er hovudtillitsvald i ambulansetenesta i Vestre Viken, meiner lokalpolitikarane kan ha stor betydning i denne saka.

– Ordførarane og lokalpolitikarar kan trykke på dei rette knappane sentralt.

Samstundes peikar både Yttre og Melby på at eldrebølga som kjem vil krevje fleire ambulansar når fleire menneske har behov for behandling.

– Kvart år er det ein auke i oppdrag for ambulansen med fem prosent, seier Melby.

Godt mottatt

Yttre og ambulanseforbundets kampanje har blitt godt mottatt i kommunane. I Troms gjekk fleire av ordførarane saman og sende brev med krav om lovpålagt responstid etter Yttres besøk tidlegare i år. Nore og Uvdal er ikkje eit unntak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er lett å støtte kravet om lovpålagt responstid, seier ordførar Eli Hovd Prestegården.

Ho trur heller ikkje det er vanskeleg å få med seg andre ordførarar i distriktet til å støtte saka.

– Det viktigaste er at folk skal ha det trygt i kommunen, seier Prestegården.

For fire år sidan var det prat om å fjerne ambulansen på Rødberg grunna for mykje stilletid.

– Men det er jo når ambulansen står parkert at han er i beredskap, påpeikar Prestegården, og held fram:

– Det er klart at luftambulansen på Ål er ein ekstra tryggleik, men me skal ha den bilen me har. Og eg vil gjere mitt for lovfesting.

Turneen til ambulanseforbundet og Yttre på 14.000 kilometer er snart over, men kampen for lovfesting er ikkje det.

– Dette kjem til å halde fram etter valet og eg håpar det vil føre til ein skikkeleg debatt som endar i lovfesta responstid, seier Yttre.