I snart tre år har dei tomme lokala blitt brukt som lager for dei andre butikkane på Kremmartunet. På nyåret må dei gjere klart til Rema 1000, som har skrive leigekontrakt på lokalet.
I snart tre år har dei tomme lokala blitt brukt som lager for dei andre butikkane på Kremmartunet. På nyåret må dei gjere klart til Rema 1000, som har skrive leigekontrakt på lokalet.

Ryddar plass til Rema 1000

I snart tre år har Kremmartunet brukt tomme butikklokale til lagerrom. No ryddar dei plass til Rema 1000.

– Ein ny daglegvarebutikk var den beste julegåva eg kunne fått, seier leiar på Kremmartunet, Geir Arne Johansen. 23. desember vart leigekontrakten mellom Kremmartunet og Rema 1000 signert.

Håpar på meir impulshandel

Johansen har strevd i tre år med å få nye leigetakarar inn i lokala der Coop Mega dreiv butikk fram til våren 2012. 900 kvadratmeter med tomme butikklokale har dei siste åra blitt brukt som lagerplass for dei andre butikkane på senteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva betyr dette for kjøpesenteret?

– Det vil utvide kundegrunnlaget. Ein daglegvarehandel betyr at me kan gje kundane eit heilskapleg tilbod. Eg trur det også vil drype ekstra omsetnad på dei andre butikkane, seier han.

Tomme lokale i tre år

Kremmartunet har hatt tilbod frå butikkjeder som driv med andre varegrupper, men har halde fast på at det er ein daglegvarebutikk dei ville ha. Johansen seier dei har vore i dialog med fleire av matvarekjedene.

Vesle juleftan var siste underskrifta på plass – Rema 1000 har signert avtale med Kremmartunet. Senterleiar Geir Arne Johansen er letta.
Vesle juleftan var siste underskrifta på plass – Rema 1000 har signert avtale med Kremmartunet. Senterleiar Geir Arne Johansen er letta.
Senterleiar Geir Arne Johansen har brukt tre år på å jakte etter ny leigetakar. No er det klart at Rema 1000 opnar butikk på Kremmartunet.
Senterleiar Geir Arne Johansen har brukt tre år på å jakte etter ny leigetakar. No er det klart at Rema 1000 opnar butikk på Kremmartunet.
Kremmartunet kjøpesenter i Gol får snart tilbake ein daglegvarebutikk. (Arkivfoto)
Kremmartunet kjøpesenter i Gol får snart tilbake ein daglegvarebutikk. (Arkivfoto)

– Kvifor har det tatt så lang tid? Er Kremmartunet lite attraktive for dei som vil drive med daglegvare?

– Det er Rema me har brukt mest tid med. Butikkjeda har endra regiongrenser og gjort byte i leiinga. Eg trur det er den viktigaste grunnen til at det har tatt så lang tid. Me har starta prosessen på nytt fleire gonger på grunna av desse endringane, seier han.

Utvidar opningstida

Mens daglegvarebutikkane er opne til seint på kveld, stenger senteret alt klokka 17 fleire av dagane.

– Vil Kremmartunet endre opningstider for å tilpasse seg rytmen til Rema 1000?

– Styret har bestemt at me skal utvide opningstidene. Detaljane i dei nye opningstidene skal dei ta stilling til i eit møte på nyåret, seier han.