Måndag 2. januar tok Embrik Luksengard (t.v.) over jobben som ansvarleg redaktør i Hallingdølen. Bjarne Tormodsgard held fram i rolla som vaktsjef i       redaksjonen.
Måndag 2. januar tok Embrik Luksengard (t.v.) over jobben som ansvarleg redaktør i Hallingdølen. Bjarne Tormodsgard held fram i rolla som vaktsjef i redaksjonen.

Rydda redaktørpulten

– Eg legg ikkje opp til nokon revolusjon i Hallingdølen.

Det seier Embrik Luksengard, den nye redaktøren i Hallingdølen. No tek han over som ansvarleg redaktør, medan Tormodsgard går inn i rolla som vaktsjef i redaksjonen.

Vaktskifte på redaktørkontoret

Sjølv om Bjarne Tormodsgard ikkje var ferdig med å rydde pulten, var det måndag formelt vaktskifte i avishuset på Sundre. Den nye redaktøren trur ikkje lesarane kjem til å merke nokon stor omvelting. Han har tenkt å lage avis etter ei velprøvd oppskrift.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hallingdølen har ein solid profil som eg vil føre vidare. Me skal setje dagsorden og ha sterke meiningar som skaper debatt. Hallingdølen skal vere regionen sitt talerøyr, men me skal også ha mot til å ta opp kontroversielle tema. Men det skal ikkje berre vere alvor. Avisa skal også lyfte fram dei gode historiene frå Hallingdal, historier som kan underhalde og gje gode lesaropplevingar, seier han.

Gjennomslagskraft

– Mediebransjen slit med fallande opplagstal og sviktande annonseinntekter. Ei krevjande tid å bli redaktør?

– Økonomisk er det meir usikkert enn det har vore. Facebook og Google er store internasjonale aktørar som slåst om annonsekronene. Men lokalavisa har ei viktigare rolle enn nokon gong. Når alle kommuniserer med sine nettverk i sosiale media, er det viktig at avisa skaper ein felles arena for regionen. Eit lesarbrev eller eit nyheitsoppslag i Hallingdølen har større gjennomslagskraft enn ei facebookmelding som får 40 likes. Det trur eg både lesarar og annonsørar kjem til å oppdage, seier Luksengard.

– Det er vemodig

Bjarne Tormodsgard har vore redaktør i Hallingdølen sidan 1999. Han tok over jobben etter storebror, Sigbjørn Tormodsgard, som hadde sete i redaktørjobben sidan 1977.

– Eg er audmjuk over å ta over stafettpinnen. Bjarne har vore ein markert redaktør, meiningssterk og respektert. Det er ei stor og spennande oppgåve eg har fått, seier Luksengard.

– Eg har likt meg i jobben, men det er ein jobb som krev mykje. Det eg gler meg mest til, er å sleppe å meine så mykje. Eg har sett fram til denne dagen, men eg skal likevel innrømme at i nyttårshelga seig vemodet inn over meg. Det kjennest rart å gje seg som redaktør. Men eg er ikkje redd for å gje oppgåva vidare. Eg veit kva Luksengard står for. Me har jobba saman sidan 1985, seier Tormodsgard.

Sjuande far i huset

– Går du inn i rolla som sjuande far i avishuset?

– Det skal eg passe meg for. På morgonmøtet i dag måtte eg bite meg i tunga, og si til meg sjølv at eg skulle halde munn. Eg har mykje på hjarta, men det er ikkje lenger eg som er redaktøren. Viss eg blir sjuande far i huset, håpar eg nokon har vet til å si frå, ler Tormodsgard.