Helle Nepstad Frydenlund (10) har fått med seg bestemor Hanne Frydenlund på å plukke søppel langs Holsfjorden. Badeplassen i bakgrunnen ventar no berre på sommarvarmen.
Helle Nepstad Frydenlund (10) har fått med seg bestemor Hanne Frydenlund på å plukke søppel langs Holsfjorden. Badeplassen i bakgrunnen ventar no berre på sommarvarmen.

Rydda badeplass

Helle Nepstad Frydenlund (10) tok med bestemor på tur langs Holsfjorden for å plukke søppel.

– Me gjekk tur her ein dag med hunden og såg kor mykje søppel som var her, seier Hanne Frydenlund. Ho og barnebarnet vart samde om å gå ein ryddetur. Helle Nepstad Frydenlund kjem springande etter, for ho måtte heim etter gummistøvlar. Søppelet finn vegen ut i Holsfjorden også, viser det seg.

– Dei som kastar burde plukke det opp sjølv, seier Helle og dreg opp både ein plastsekk frå Yara som det har vore fullgjødsel i og delar av ein fôrball, og her og der ligg det plastbitar som ikkje har noko klart opphav.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nasjonal ryddedag

Torsdag 3. mai inviterte NRK til nasjonal ryddedag, under parolen «Hele Norge rydder». Folk går krumbøygd over det ganske land.

Mange har også meld seg på kampanjesida til Hold Norge Rent, ei ideell foreining som arbeider mot forsøpling.

I 2017 var det 48.000 frivillige som engasjerte seg, gjennom 2845 ryddeaksjonar landet rundt. Av avfallet som vart registrert resulterte det i nærare 1400 tonn søppel.

Ingen stor lokal folkerørsle

I den søre delen av Holsfjorden blir det også betre enn det var.

– Me har ein badeplass der borte, seier Helle og dreg opp meir som ikkje høyrer heime i naturen. Alt går i dei to plastposane dei har med seg. Det spørst om det held, for dei har planar om å gå heilt til butikken på Hagafoss og tilbake. Det blir eit par kilometer til saman.

– Det er ein kjempejobb, er dei to samde om.

– Me får håpe du ser mange slike som oss, seier dei når journalisten takkar for seg. Men journalisten møtte ikkje andre som var ute i slikt ærend torsdag ettermiddag.

Heile Hallingdal rydda med andre ord ikkje.