Riksveg 7 er stengt på ulykkesstaden i Gulsvik.

No er Rv7 opna opp att - årsaka til ulykka er enno ikkje kjent

Ved 17.30-tida tysdag vart Rv7 opna for vanleg trafikk.

Då hadde vegen vore stengt heilt sidan 22.30-tida måndag kveld, då den fatale ulykka som kravde tre menneskeliv hende.

Heile natta og det meste av tysdagen var vegen stengt ved Gulsvik. Politi og Statens vegvesen si ulykkesgruppe jobba på staden utover dagen. Krimteknikarar frå politiet var også der i fleire timar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både bilen og lastebilen som var involvert i kollisjonen hadde hamna i grøfta og måtte hentast opp att.

Kva som er årsaka til ulykka, er enno ikkje kjent. Politiet har ikkje sagt anna enn at det er snakk om ei møteulykke mellom bilen og lastebilen.

Les også
– Ein stor tragedie har råka Flå og Krødsherad
Les også
Ei av dei mest alvorlege ulykkene på Rv7 i nyare tid