I periodar vil vegar i Hallingdal bli stengt i samband med sykkelritter Tour Te Fjells.

Rv7 og Rv52 blir stengt på grunn av sykkelritt

Med sommartrafikken godt i gang kan ein vente seg ekstra lange køar laurdag.

CK Valdres skal 16.-19. juli arrangere sykkelrittet Tour te Fjells. Laurdag går det etappar i Gol, Ål og Hemsedal. I tidsrommet 9-12.30 og 16-20 vil normale tilkomstvegar til eigedommar bli stengt i inntil 30 minutt.

Laurdag blir også vegen over Golsfjellet stengt i periodar frå kl. 10 til kl. 20. Fullstendig informasjon finn ein på nettsidene til arrangøren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rv7 og Rv52 blir stengt ein time

I tidsrommet 16.15-17.30 stengjer Rv7 mellom Rotneim og avkøyringa til Vats i Ål. Rv52 vil også vere stengt frå Moen Hytter og Camping i Hemsedal til Hesla bru i Gol sentrum frå 18-18.45. Det seier Øystein Engelsen frå Tour Te Fjells, på telefon til Hallingdølen.

Han oppfordrar folk til følgje med sjølve.

Les også
Går for trippel

— Me prøver å oppdatere heimesida og Facebook-sida vår direkte med trafikkmeldingar og stengde vegar. Tidsskjemaet kan flytte på seg og fredag hadde me eit tilfelle med ein buss som brukte lang tid. Det skaper lange køar.

— Forstår du at folk ergrar seg over lange køar no i sommartrafikken?

— Ja, det forstår eg godt, men det er slik det må vere for å vareta tryggleiken til ryttarane. Det er ein godkjent plan frå vegvesenet. Både NRK og P4 er informert, så me håpar trafikkmeldingane når ut til folk som ferdast på desse vegane.