Slik såg det ut i 11-tida etter at eit vogntog fekk problem og har hamna utfor vegen på Rv52 ved Bjøberg
Slik såg det ut i 11-tida etter at eit vogntog fekk problem og har hamna utfor vegen på Rv52 ved Bjøberg

Rv52 open for trafikk igjen

Eit vogntog på veg vestover hamna utfor Rv52 ved Bjøberg. Klokka 1345 er det fri ferdsel på ulykkesstaden etter bilberging.

Det var 11-tida sundag at lastebilen fekk problem i ein slak sving i ei svak stigning ved Bjøberg.

Både trekkvogna og tilhengjaren hamna utfor vegen. Ingen kom til skade, men politiet melde om reduserte mogelegheiter for å passere. Det blir difor også oppmoda om forsiktig køyring på staden. Etter at det vart starta med bilberging i 1330-tida var det klokka 1345 fri ferdel igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit webkamera på staden viser ulykkesstaden, med oppdateringar kvart minutt. Sjå ulykkesstaden her.

Vinteren har meld seg og på fleire vegar i distriktet.Statens vegvesen har også webkamera på fleire vegar og oppdaterte meldingar om vêr og føre.. Det er ikkje meld om andre vanskelege køyreforhold, men som bileta viser, er det vinterleg på fleire vegar i distriktet.