Med plaktane "Ha dere vekk", "Fuck russen" og "Russen må ut" kommenterer dei netthetsen årets russekull opplevde etter at nokre øydela eit vindauge på ei leikestove i ein barnehage.
Med plaktane "Ha dere vekk", "Fuck russen" og "Russen må ut" kommenterer dei netthetsen årets russekull opplevde etter at nokre øydela eit vindauge på ei leikestove i ein barnehage.

Russen med oppgjer mot netthets

Årets russetog var fullt opp med plakatar, men det var bodskapen i russetalane som var skarpast.

For femtiande gong toga Hallingrussen gjennom Gol sentrum 17. mai. Utviklinga har vore særleg stor når det kjem til lydanlegg, med det resultat at russen til ein viss grad overdøyvde seg sjølv i toget.

Bodskapen vart først tydeleg under russetalen. Då var det nok fleire blant publikum som fekk noko å tenkje på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svara på hærverk-kritikken

Hallingrussen 2016 er neppe verre enn andre kull, men dei er mange. 200 totalt. Det er sjeldan stort til Hallingdal å vere.

For ein månads tid sidan resulterte blant anna årets russedåp i eit øydelagt vindauge på ei leikestove i ein barnehage nær dåpsplassen. På Facebook vart russen oppmoda til å rydde opp. Oppmodinga vart, som mykje anna i våre dagar, følgd opp med kommentarar, «likes», «dislikes» og hundrevis av delingar.

Dette fall tydelegvis russen tungt for hjartet. Hanne Rekdal, russepresident på Ål vidaregåande skole, vedgjekk i tala til medrussen at sjølvsagt gjer også dei feil.

Russepresident ved Ål vgs, Hanne Rekdal og Gol vgs. Emil Løstegård tok eit oppgjer mot netthets frå talarstolen på Gol samfunnshus.
Russepresident ved Ål vgs, Hanne Rekdal og Gol vgs. Emil Løstegård tok eit oppgjer mot netthets frå talarstolen på Gol samfunnshus.
Det blir litt tamt når "alle" på død og liv skal sitte på taket.
Det blir litt tamt når "alle" på død og liv skal sitte på taket.
Det var ikkje så mange som skapte litt ekstra liv i toget, men desse karane gjorde det.
Det var ikkje så mange som skapte litt ekstra liv i toget, men desse karane gjorde det.
Eit vanleg syn er russekortjakta som skjer bak kva ein bil
Eit vanleg syn er russekortjakta som skjer bak kva ein bil
Ikkje alle fekk vere med opp på taket, slik denne unge karen fekk.
Ikkje alle fekk vere med opp på taket, slik denne unge karen fekk.
Slik ser det gjerne ut mellom bilane utanfor samfunnshuset. Ungar plukkar russekort blant foreldre med fotoapparat.
Slik ser det gjerne ut mellom bilane utanfor samfunnshuset. Ungar plukkar russekort blant foreldre med fotoapparat.
Russepresident Hanne Rekdal førebur talen sin
Russepresident Hanne Rekdal førebur talen sin
Årets russekull er på over 200. Dei var synleg under oppstilling utanfor Gol samfunnshus
Årets russekull er på over 200. Dei var synleg under oppstilling utanfor Gol samfunnshus
Kva har ein gjort for å få desse russeknutene?
Kva har ein gjort for å få desse russeknutene?
Etter ein månad intensiv feiring kan ein bli sliten. Det hindar ikkje spørsmål om russekort.
Etter ein månad intensiv feiring kan ein bli sliten. Det hindar ikkje spørsmål om russekort.
"Foreldre skal ikkje vite kva hooking er", står det å lese på denne plakaten.
"Foreldre skal ikkje vite kva hooking er", står det å lese på denne plakaten.

– Men vis heller forståing og hjelp oss, enn å peike på oss som eit samfunnsproblem. Gi oss rettleiing, heller enn å kritisere oss, sa ho. Presidenten på Gol vidaregåande skule, Emil Løstegård følgde opp.

– Vaksne snakkar om nettvett, men ironisk nok er ikkje vaksne betre sjølv. Det er ikkje greitt å skjære alle i ei gruppe over ein kam, sa han.

Litt om toget

Dermed fekk også fleire av plakatane i toget konteksten som gav meining.

Kva elles var årets russ oppteke av? Sjølvsagt av det å vere russ og ha ei fin russetid. Men også Janteloven, og det å stikke seg fram. NRK sitt ungdomsprogram «Skam», som tydelegvis er like populært blant foreldregenerasjonen. Brakar og busstilbodet i dalen. Kommunesamanslåing, for å få større kommunar og større ordførarar. Og bitte litt miljø.

Elles var det mykje «sjå og bli sett». Og i alle fall høyrt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt rettleiing

Om ein skulle våge seg på litt rettleiing (og råd for komande generasjonar) måtte det vere at det vart litt mange russ på biltak, litt mange tettskrivne plakatar som fauk for fort forbi, og at musikk som regel ikkje blir betre av å skru volumet opp.

Og om russen skulle ta dette som kritikk, får det så vere. Har Rekdal rett er russekullet proppa fullt av sterke personlegdomar. Då taklar dei det, slik ein skulle tru dei taklar «dislikes» på Facebook.

Og gjer dei som Løstegård oppmoda om i slutten av sin tale, kjem mange av dei også tilbake til Hallingdal «for å vere med å byggje dalen vidare», som han sa. Dei må berre få prøvd seg litt ute i verda på eigehand først.

Sterke personlegdomar, som toler kritikk, det vil alle ha. Velkomne tilbake.