Russ -68 og russ -18 i skjønn foreining
Hallingrussen feirar 50 år i år. I årets russetog fanst russ frå både 1968 og 2018.
Det er 50 år sidan det fyrste kullet med hallingruss feira at dei var ferdige på skulen. 17. mai gjorde nokre restar frå russekullet 1968 eit aldri så lite comeback i russetoget til russ 2018. Etter gjennomført russetog gjekk turen til Gol skule for dei årvisse russetalane frå russepresidentane ved Ål og Gol vidaregåande skular. I år slapp også Bjørn Aslaksen, russeformann i 1968, til på talarstolen.
- Stå på og hald dykk i form. Fullfør skulen og lev livet. Før de veit ordet av dei er de pensjonistar og 50-årsjubilantar de og, sa Aslaksen til årets russ.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tradisjonsskifte
Hol gamle kyrkje har ikkje vore nytta som offisiell kyrkje sidan 1924. I år vart den nytta som 17. mai-kyrkje for fyrste gong sidan den vart avvigsla for nesten 100 år sidan.
Det vart ein ny vri på det meste under årets 17. mai feiring i Hol. Folketoget som tradisjonelt sett har vore ein langtur frå sentrum til Hol kyrkje på Hagafoss, var i år både lagt om og korta ned. Frå Hallingskarvet skole svinga holingane innom bebuarane på Høgehaug, før turen gjekk vidare om Nerolsvegen til Hol gamle kyrkje. Bakgrunnen var at fleire foreldrar i bygda ynskte å gjera feiringa av nasjonaldagen både tryggare og lettare tilgjengeleg for dei minste. Ei endring som såg ut til å treffe godt hjå dei fleste. Så hadde dei også ein røynd togførar.
Fyrst i toget for siste gong
Tradisjonen tru var det lensmann Torstein Seim som gjekk fyrst i toget og viste veg. I år for siste gong. Frå 1. juni er Hallingdal eitt lensmannsdistrikt med éin regionslensmann. Torstein Seim er ein av fleire erfarne lensmenn som då vert takka av og sett i ny rolle.
– Regjeringa har bestemt at slik skal det vera. Lensmannen slik me kjenner rolla er snart ein sagablott, sa Seim då han vart takka av ved Høgehaug.
Det stod likevel ikkje på stemninga. Hol feira nasjonaldagen i strålande sol og grøne omgjevnader, med avrunding av eksisterande tradisjonar og innføring av nye. Frå Hol reiste lensmann Seim vidare for å leie barnetoget frå Geilo barne- og ungdomsskole til Geilojordet.
Morgonfuglar
Dei ivrigaste morgonfuglane finn ein i Ål. I år som tidlegare år gjekk nasjonaldagen i gang med lurblåsing frå Sundreberget og Vestlia, før speidarane sørgja for flaggheising og kransenedlegging i sentrum. På årets program stod ei rekkje arrangement i og omkring Ål sentrum. Barnetoget enda i Hallingdal Feriepark, til talar og festprogram frå scena og leik og moro for ungane. I Gol starta nasjonaldagen med flaggheising ved Tingstugu, før Gol barne- og ungdomskorps førte flaggborga gjennom sentrum til Gol Helsetun og seinare Gol skule. Årets 17. mai talarar var Mari Resset Møllerplass og ordførar Heidi Granli.
Ingen nasjonaldag utan korps
Nes har lange tradisjonar for korps og hornmusikk. Nasjonaldagen er sjølvsagt ikkje noko unnatak. Nesbyen Hornmusikklag og Nesbyen Skolekorps starta dagen med å marsjere frå Høvabakken til kommunehuset før dei leia barnetoget frå Elverhøy Helsetun til skuleplassen. Elles i Hallingdal og Nore og Uvdal vart nasjonaldagen feira med brask og bram i strålande sol. Og sjølvsagt med store mengder kaffi, pølser og is.