Ragnhild Guddalen frå Lyset i kvardagen og Vidar Starion frå Foreningen for helhetlig ruspolitikk.

– Rusen ser ikkje kommunegrenser

Tysdag presenterte Foreningen for helhetlig ruspolitikk et nytt mogleg samarbeidsprosjekt for politikarar i Hallingdal.

– Det som er viktig for oss er at det er interkommunalt, seier gruppeleiar av Foreningen for helhetlig ruspolitikk (FFHR) i Hallingdal, Vidar Starion.

Tysdag hadde han invitert kommunepolitikarar og tilsette innanfor psykisk helse i Hallingdal. Frå talarstolen på Pers hotell fortalde Ragnhild Guddalen om stiftelsen Lyset i kvardagen som no er eit tverrfagleg samarbeid i Bærum kommune. Vidar Starion og FFHR ønsker at stiftelsen skal ekspandere og bli ein del av omsorgstilbodet i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me er ein brukarorganisasjon som tenker heilheitleg om ruspolitikk. Dei som jobbar med faget og dei som har erfaring må kome saman for å finne dei beste løysingane. Saman når vi mykje lengre, seier Starion.

Meir kraft saman

Noko av det Lyset i kvardagen fokuserer på er blant anna å hjelpe folk som har slite med rus eller dårleg psykisk helse til å kome seg i riktig jobb og få seg ein fast bustad. Vidar Starion trur ikkje oppfølging av menneske som slit med rus er dårlegare i Hallingdal enn i resten av landet, men seier at alle brukarorganisasjonar vil hevde at nivået generelt er for lågt og at det er for lite aktivitet på feltet.

– Asker kommune har hatt stor suksess med dette i to år. Den suksessfaktoren ønsker me å ta med inn i Hallingdal.

– Korleis kan de få til det?

– No er det seks kommunar som sit litt på kvar si tue, med dei beste intensjonar. Men rusen har ikkje nokon grenser. Den tek verken ferie. Den ser heller ingen grenser mellom kommunar eller mellom fylke. Det er dette stiftelsen Lyset i kvardagen ønsker å samordne, seier Starion.

– Småkommunane i Hallingdal har lite slagkraft, men heile Hallingdal med 20.000 innbyggarar vil få større slagkraft og vil kunne skaffe midlar på ein heilt annan måte.

Foreininga for heilskapleg ruspolitikk med Vidar Starion i spissen vil følge opp dette ut over hausten.

– No er me avhengig av at toppane i psykisk helse i Hallingdal samarbeider om felles tiltak. Me skal nok knakke på nokon dører, varslar han.