Hallingane har vist stor givarglede i kronerullinga til Hallingdal sjukestugu. Målet om ein halv million til telemedisinsk utstyr til nyopninga er innan rekkjevidd. Biletet er frå desember.
Hallingane har vist stor givarglede i kronerullinga til Hallingdal sjukestugu. Målet om ein halv million til telemedisinsk utstyr til nyopninga er innan rekkjevidd. Biletet er frå desember.

Rullar mot ein halv million

Givargleda er stor og pengane strøymer inn. Kronerullinga til Hallingdal sjukestugu har passert 300.000 kroner.

For halvannan månad sidan sette Venner av Hallingdal sjukestugu i gang ei kronerulling.

Pengane skal gå til innkjøp av telemedisinsk utstyr til nyopninga av sjukestugu. Utstyret kostar rundt ein halv million kroner og vil føre til at mange unngår slitsame og kostbare turar til sjukehusa i Oslo, Ringerike og Drammen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Enorm oppslutning

– Det går så det grin, givargleda og oppslutninga er enorm. Me har passert 300.000 kroner, seier kronerullingsadministrator og sekretær i venneforeninga, Trond Kleppen.

Han opplyser at fyrste vekene var oppslutninga størst i dei to øvste kommunane i Hallingdal. Siste vekene har kronerullinga spreidd seg til heile Hallingdal.

– No er kronerullinga i ferd med å bli godt spreidd over heile dalen. Det er tydeleg at sjukestugu har ei høg stjerne i alle bygdene. Det haglar inn e-postar, seier Kleppen.

Minst 100 kroner

Kronerullinga starta i midten av desember. Det er ein bygdedugnad som venneforeninga til sjukestugu står bak i samarbeid med Sparebank 1 Hallingdal Valdres og Hallingdølen.

Systemet følgjer «kjedebrevprinsippet». Alle som gir sitt bidrag har høve til å utfordre andre. Ein står fritt i å utfordre andre eller betala utan utfordring.

Lister over dei som har betalt og dei som blir utfordra blir kunngjort på Hallingnytt-sidene i avisa. Innbetalinga skjer til kontonummer 2320 17 64874 i banken.

– Dei som brukar nettbank kan føre opp namnet på utfordrarane i merknadsfeltet. Dei som brukar giroblankett må skrive namna på den, seier Kleppen.

Ein kan også sende epost til tkleppen@online.no med namna på utfordrarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet 500.000 kroner

Då kronerullinga starta vart det sett eit minimumsbeløp på 100 kroner. Trond Kleppen opplyser at det er mange som gir meir enn ein hundrelapp.

– 100 kroner er eit minimumsbeløp og ingen standardsum. Mange gir fleire hundre kroner, det er opp til kvar enkelt. Det er sjølvsagt høve til å delta i kronerullinga utan å vera utfordra, seier han.

– Kor lenge skal kronerullinga gå?

– Målet er å få inn minst ein halv million kroner. Me er godt på veg til å greie det. Det er ikkje sett nokon sluttdato, men kronerullinga kjem nok til å gå fram mot påske.