annonse

Rukke sikra seg EM-bronse i debuten

Medalje
Medalje: Norsk jubel i Italia. EM-gullet gjekk til Kai Verbij, sølvet til Håvard Lorentzen og bronsen til Henrik Fagerli Rukke. (Foto: NRK Sport)
Sterk
Sterk: Henrik Rukke ligg som nummer tre etter tre distansar i EM i Collalbo. (Foto: Skjermdump NRK)

Henrik Fagerli Rukke klinka til i sprint-EM. Det førte til bronse i EM-debuten.

Embrik Luksengard

På siste 1000-meteren måtte Henrik Fagerli Rukke gå på 1.10,45  for å sikre bronsemedaljen. Det fiksa han.

Holingen gjekk siste distansen på 1.10,13. Dermed var sensasjonen eit faktum.

- Dette er Henriks definitive gjennombrot. Gratulerer!, sa NRK-kommentatorane etter målpassering.

- Uvirkeleg

Henrik Fagerli Rukke var strålande fornøgd då han vart intervjua på indre bane.

- Det er litt uvirkeleg. Målet mitt med EM var å kome blant topp ti. Eg er utruleg fornøgd, sa Rukke til NRK.

Han gjekk fire knallsterke løp. Rukke var særleg fornøgd med å heve seg det vesle ekstra på siste og avgjerande 1000 meter.

- Det var akkurat det som skulle til, konstaterte han.

Heilt rått

Lasse Sætre i det norske støtteapparatet følgde opp rosen til Rukke.

- Utruleg artig. Han presterer fire av sine beste løp i EM. Dette var rått!

Sterk start

Rukke slo til frå start i Italia. Han vart nummer to på 500 meter og tredjeplass på 1000 meter fredag.

Samanlagt låg han på tredjeplass etter fyrste dag i Collabo.

Laurdag følgde holingen opp med endå ein god 500 meter. Med siste indre gjekk han inn til tida 35.45 som heldt til ein solid 6.-plass.

Raskast av alle var Kai Verbij frå Nederland med 34.99. Deretter følgde Håvard Lorentzen på 35.10.

Topp tre

Desse tre sikra seg også meisterskapsmedaljane. Gullet gjekk til Verbij, sølvet til Lorentzen og bronsen til Henrik Fagerli Rukke.

annonse