Dersom stortingsfleirtalet seier ja, kan turistkommunar som Hemsedal på sikt få høve til å innføre turistskatt.

Rørby er positiv til turistskatt

Turistskatt kan bli ein realitet frå 2021. Iallfall om SV får med seg stortingsfleirtalet. – Dette utspelet helsar eg velkomen, seier ordførar Pål T. Rørby (Sp) i Hemsedal.

Før jul vedtok eit samrøystes kommunestyre at ein bør greie ut om det er mogleg å innføre turistskatt (besøksavgift) i Hemsedal. Forslaget som vart sett fram av Arbeiderpartiet, vart samrøystes vedteke.

Inntekter

- Alle turistkommunar har spesielle utfordringar, både med omsyn til slitasje på naturen og tilrettelegging av fasilitetar for tilreisande. Skal me fylle vertskapspliktene, må me sjå på inntektssida. Om det er mogleg å hente nye inntekter. For me kan ikkje berre bruke sparekniven når me skal løyse desse oppgåvene, understrekar Rørby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Pål Terje Rørby i Hemsedal (Sp).

I ferd med å snu

I 2017 sa stortingsfleirtalet nei til å innføre turistskatt. No er stemninga i ferd med å snu. Både SV og Arbeiderpartiet har snudd, og KrF er på glid. Før jul la SV fram eit representantforslag der dei bad regjeringa greie ut ulike skattemodellar, og at dei kjem attende til dette i samband med statsbudsjettet for 2021.

Forslaget ligg no til behandling i næringskomiteen på Stortinget etter at det vart gjennomført ei høyring på Stortinget tysdag. Næringskomiteen skal kome med si innstilling i slutten av mars.

Klima til konflikt

I forslaget syner SV til utfordringane turistkommunane står overfor;

«Mange steder i landet har turiststrømmene økt så mye at det har blitt et problem. Infrastruktur og hygieniske forhold utfordres kraftig i høysesongen. Natur ødelegges av store påkjenninger og manglende tilpasning. Kommunene er rett og slett ikke i økonomisk stand til å møte den økte turismen. Det går ut over både lokalbefolkningen og turistene, og det danner en kime til konflikt mellom fastboende og besøkende», heiter det i grunngjevinga.

Vanleg i andre land

SV syner også til kva som er gjort i andre turistland;

«Mange land har allerede innført forskjellige varianter av turistskatt for å møte denne utfordringen. Hos nordmenns favorittdestinasjoner er en form for skatt på besøket svært vanlig. I land som Nederland, Italia, Frankrike, Tyskland, Spania, Østerrike, Belgia, Hellas, Ungarn, Portugal, Romania, Slovenia, Bulgaria, Kroatia og Sveits er dette allerede innført».

Ulike modellar

I forslaget blir regjeringa beden om å greie ut ulike modellar for turistskatt; «Både en statlig fastsatt skatt og kommunale variasjoner, flat sats og prosentandel av overnattingspris, differensierte satser avhengig av sesong og reisemål, samt hvorvidt kommunenes turistskatteinntekter bør øremerkes reiselivsformål, skal vurderes», heiter det i forslaget.

Brei vurdering

– Det er viktig med ei brei vurdering av ulike modellar. Samstundes må ein ikkje gløyme at Norge er eit dyrt ferieland. Det må det også takast omsyn til, seier Rørby som er spent på kva stortingsfleirtalet landar på.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ei fersk undersøking gjennomført av Opinion for Virke svarar 55 prosent at dei er positive til turistskatt, så lenge pengane går til å utvikle destinasjonen.