Politiet leitte fredag kveld etter ein mann i Gulsvik-området.
Politiet leitte fredag kveld etter ein mann i Gulsvik-området.

Rømte frå politiet

Politifolk med hund leitte fredag kveld etter ein mann som stakk av under ein politiaksjon i Gulsvik.

Aksjonen kom i gang etter at politiet fekk melding om at det såg ut som om nokon forsøkte å skjule ein bil bak forsamlingshuset i bygda. Då politiet kom på staden for å undersøke bilen stakk ein mann ut bakdøra på huset og la på sprang langs jernbanelina nordover mot Gol.

– Bilen tilhøyrer ein person politiet kjenner til frå før. Det var difor me ville fylgje opp meldinga om at det såg ut som om nokon ville skjule den. Det seier operasjonsleiar ved Sør-øst politikammer, Erik Gunnerød, til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han opplyser at politiet rekvirerte hund i jakta på mannen. Spora førte fram til ein parkeringsplass ved Riksveg 7. – Me reknar med han har vorte plukka opp i bil av nokon som kjenner han, seier operasjonsleiaren.

Mannskapa som er i Gulsvik skal no undersøke den parkerte bilen nærare.