Utbyggingsplanane i Godfarfossen skapte ingen høg temperatur på folkemøtet i Dagali. (Arkivfoto)
Utbyggingsplanane i Godfarfossen skapte ingen høg temperatur på folkemøtet i Dagali. (Arkivfoto)

Roleg folkemøte om Godfarfoss-planar

Eit halvt hundre frammøtte, sakleg tone og ingen høg temperatur.

Det er ein kort karakteristikk av folkemøtet som Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) inviterte til i Dagali torsdag, der det vart orientert nærare om kraftutbygginga i Godfarfossen. Dette var det andre folkemøtet om prosjektet, det fyrste vart halde i 2009.

Konsesjonssøknad med konsekvensutgreiing for den planlagde utbygginga er ute på høyring, med 20. juni som frist for å kome med uttale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skiftande planar

Det er rundt 100 år sidan dei fyrste planane om å byggje ut Godfarfossen vart lagt fram. Seinare har det kome mange og ulike planar, med varierande omsyn til vern.

Dei siste står Godfarfoss Kraft AS bak, som har søkt om å få byggje Godfarfoss kraftverk. Selskapet er eigd av tre likeverdige partnarar: EB Kraftproduksjon AS, Nore og Uvdal kommune og Hol kommune. Bak EB står Energiselskapet Buskerud (70 %) og E-CO Energi (30 %).

Det er planlagt eit kraftverk basert på fallet mellom Nedre Svangtjønn og Pålsbufjorden, med ein forventa årsproduksjon på 56 GWh. Dette er til samanlikning godt og vel det dobbelte av Ørteren kraftverk på Haugastøl.

Lite skepsis

Under møtet torsdag kom det fram svært liten motstand mot utbygginga. Det er ei kjend sak at naturvernarar er sterkt imot planane. Per Furuseth, som i ei årrekkje har vore kontaktperson i Hol for Naturvernforbundet og no også er styremedlem i Naturvernforbundet i Buskerud, stadfestar dette og lovar at det vil kome ein klar uttale derifrå innan fristen.

Etter 20. juni vil alle høyringsinnspela bli samanfatta, før NVE skal på synfaring saman med involverte partar. Frå utbyggjarane er det eit sterkt ønske at det kan skje til hausten. Seinare blir innstilling sendt til Olje- og energidepartementet, før endeleg klarsignal eventuelt blir gitt som kongeleg resolusjon.

Den mest optimistiske framdriftsplanen går ut på at bygginga blir lagt ut på anbod i løpet av neste år, og at utbygginga kan gjennomførast i 2014–2015.